Hopp til innhold

Steinras sperra riksveg i Sogndal

Store steinar rasa ned på ein av dei mest trafikkerte pendlarvegane i Sogn i ettermiddag.

Steinras i Sogndal

RASSTENGD: Slik såg det kort tid etter at steinane hadde dundra ned fjellsida.

Foto: Gunnar O. Hæreid

OPPDATERT: Vegen er no opna att etter oppryddingsarbeidet, melder Statens vegvesen.

Riksveg 55 ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger blei stengd då store steinblokker dundra ned i vegen i 15:30-tida i ettermiddag. Ingen personar eller bilar blei trefte.

– Steinane i vegbana er om lag 1 X 0,5 meter, opplyste Vegtrafikksentralen.

Steinras ved Ylvisåker i Sogndal

INGEN TREFTE: Verken personar eller bilar vart trefte av raset.

Foto: Svein Jarle Slinde

Såg steinane dundra ned

Svein Jarle Slinde bur på Ylvisåker og hadde heimekontor i dag. Han jobbar til dagleg i Fjellsikring og sat og rekna med noko arbeid.

– Då ropte kona at no går det eit ras. Då sprang vi opp på verandaen og såg steinar kom byksande nedover. Det var ikkje noko kjekt å sjå, fortel han.

Det låg steinar både på riksvegen og ein veg nedanfor. Ei straumlinje blei teken av steinane.

– Det ligg ein del i del småstein og steinar opp til ein og ein halv kubikkmeter. Og så er det ei større blokk på 7–8 kubikkmeter som ligg på nedsida av vegen. Det er ein del stein oppetter fjellsida.

Det er ikkje første gongen det rasar her. Slinde seier han kjenner på litt uro når han køyrer i dette området.

– Det må eg nok innrømme, ja.

STEINRAS: Her rasar steinane ned. Foto: Svein Jarle Slinde og Arve Uglum, NRK

Måtte vente lenge

Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid, kom til staden i buss kort tid etter at steinane hadde dundra ned. Han hadde vore på jobb på Leikanger og var på veg heim til Sogndal.

– Vi har fått beskjed om at det nok tek eit par timar. No har vi venta ein halvtimes tid, fortalde han til NRK i 16:15-tida.

Oppryddingsarbeidet kunne ikkje starte før geolog hadde undersøkt fjellsida frå helikopter. Etter synfaringa konkluderte han at vegen kunne opnast att, og det blei starta opprydding. Den var ferdig i 20:30-tida, og dermed kunne vegen opna att for fri ferdsel.

Geoleg ved rasstaden på Ylvisåker i Sogndal

SKAL UNDERSØKJE. Geologen kom med helikopter og skal no undersøkje fjellsida.

Foto: Arve Uglum / NRK
Steinras ved Ylvisåker i Sogndal

TEK TID: Ein geolog skal synfare rasstaden før Vegvesenet kan starte oppryddingsarbeidet.

Foto: NRK.no-tipsar