Hopp til innhold

Stein har rasa ned på Straumeveien

Det gjekk eit steinras på fylkesveg 556 tidlegare i dag. Geolog har vurdert at det ikkje fare for at det kjem meir.

Steinras Straumevegen

RAS: Det har rasa ut stein i Straumeveien på fylkesveg 556. Politiet dirigerar trafikken på staden. Eit felt er stengt.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Blokk straumeveien

KAN KOME NED: Det er desse to blokkene (i midten av biletet) politiet meiner står i fare for å ramla ut av fjellsida og ned på vegen.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Meldinga om raset kom inn til politiet og Vegtrafikksentralen like etter klokka 11.30.

– Det er ein nokre steinar som har rast ut i det eine køyrefeltet. Det er ingen bilar eller personar som er treft, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Ein patrulje frå politiet rykka ut. Etter å ha sett nærare på raset fryktar dei at det skal kome meir.

– Det ser litt "risky" ut der, og patruljen vurderer det slik at det er fare for at det kjem meir. Så no er det manuell dirigering på staden, seier Kolltveit.

Ventar på geolog

Vegtrafikksentralen har sendt ut entreprenør til å sjå nærare på raset. Mesta skal vera på staden innan 30 minutt.

– Raset som kom først er so og seia rydda vekk. Men ein er litt usikre på ei større steinblokk som ligg oppe i fjellsida, så den må undersøkast nærare, seier trafikkoperatør Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen.

Klokka 13.00 er framleis eitt felt stengt på staden. Politiet og Mesta er på staden og dirigerar trafikken. Ein ventar no på ein geolog som skal vurderar steinblokkene som står i fare for å rasa ut.

Har sperra av

Klokka 14.00 fortel politiet at det no blir opna for fri ferdsel på fv. 556 att.

- Geologen har gjort ei vurdering. Det var ikkje umiddelbar fare for meir ras, men vi sperrar av vegskuldra der, slik at ingen parkerer under, seier operasjonsleiar Kolltveit i politiet.

Steinblokkene blir undersøkt nærare på måndag.