Hopp til innhold

Steinras i Ullensvang

  • Vurderer å setja inn båt etter ras

    Ullensvang-ordførar Solfrid Borge seier heradet jobbar med å få sett inn skyssbåt mellom Utne og Grimo i samband med raset på fylkesveg 5550 ved Trones. – Barn må på skulen, heimesjukepleiarar må på jobb og folk må ferdast til og frå ferjekaien på Utne, seier Borge. Ho er overraska over omfanget av raset og staden det gjekk. – Normalt er denne delen «trygg». Deler av fjellsida har losna, så her må ein vera heilt sikker før vegen kan opna.

    Solfrid Borge
    Foto: Tale Hauso / NRK
  • Fv 550 stengt til onsdag

    Fylkesveg 550 mellom Utne og Grimo vil ikkje verta opna før tidlegaste onsdag føremiddag. Statens vegvesen melde først at dei ein geolog skulle på synfaring i omådet tysdag, men melder onsdag kveld at dei ikkje vil ta ei ny vurdering før onsdag klokka 10.

    Laster Twitter-innhold
  • To steinar stenger vegen

    Fylkesveg 550 mellom Utne og Grimo blir truleg stengd lenge. To steinblokker sperrar vegen heilt ved Trones. – Innringar melder om at steinane er to meter høge og fire-fem meter breie. Me ventar tilbakemelding frå entreprenøren på skadene og omfanget, seier trafikkoperatør Morten Hansen i Statens vegvesen

  • Steinras ved Trones

    Brannvesenet fra Grimo stasjon er fremme og melder om stein, jord og trær i raset. Veien er helt stengt, skriver brannvesenet på Twitter.

    Laster Twitter-innhold