Hopp til innhold

Bil køyrde i steinras på fylkesveg

Fleire steinar har falle ned i vegbana på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. Ei bil skal ha køyrt inn i steinane og fått skade på eit hjul.

Stein i vegen ved Heilevang

FLEIRE STEINAR: Både små og store steinar har dundra ned i vegbana ved Heilevang i føremiddag.

Foto: Johan Moen / NRK

– Bilen køyrde i steinane som då låg i vegen. Ingen vart skadde i hendinga, men hjulet på bilen fekk noko skade, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy.

Vegtrafikksentralen fekk melding om steinnedfallet klokka 11.30.

– Entreprenør har vore på staden og vegen er no rydda, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Har rasa mykje

Området ved Heilevang og Hundsåna har vore svært utsett for ras, og ei arbeidsgruppe har i lengre tid jobba for å få rassikra vegen forbi staden. I februar i år synte ei oppteljing at det hadde gått 46 ras på strekninga på under tre år.

Sidan då har det fleire gonger komme steinar ned i vegbana på strekninga.

Geologar har tidlegare uttala at dersom vegen forbi Heilevang skal bli trygg, må det byggjast tunnel eller rasoverbygg.

Statens vegvesen har tidlegare slege fast at Heilevang er den mest rasutsette vegstrekninga i fylket.

Steinnedfall på fv. 609

STENGDE EINE KØYREBANA: Steinane datt ut i vegen, slik at det berre var framkomst i eine køyrebana.

Foto: Johan Moen / NRK