– Steinen ligg slik til at det kan vere vanskeleg å sjå den, og det er begynt å skumre, så folk må vere obs dersom dei skal køyre her, fortel tipsaren til NRK.no.
Han kom sjølv køyrande på strekningen i 17.15-tida og hadde problem med å sjå den.
– Steinen ligg i Knarrura, og har kome på vestsida av rassikringsnettet. Den ser ut til å ha treft autovernet med stor kraft.
Det skal vere passering på staden og tipsar har også varsla vegvesenet slik at ein entreprenør er på veg til staden for å få fjerna steinen.
– Dei seinare åra har det gått mange ras her.
Mange har varsla om steinen
Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har dei fått uvanleg mange telefonar om steinen i vegen. Og ein entreprenør er varsla og på veg for å fjerne steinen.
– Den ligg nok stygt til og så byrjar det å mørkne så det er nok difor, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.
Vegen er vedtatt utbetra og ein ventar no på at ein entreprenør skal få tildelt oppdraget og starte arbeidet.