Stein frå Gulen har sikra nazi-ubåt

No er kvikksølvubåten utanfor Fedje blitt sikra med 200 000 tonn stein. Steinen kjem frå Gulen.

Fyllinga ved Fedje-ubåten

FERDIG: 3D-bilde av den ferdige fyllinga teke like etter at det siste steinlasset frå Gulen vart lagt i ettermiddag. Til høgre for forskipet er det lagt ein støttefylling som hindrar ubåten i å skli ut.

Foto: Kystverket

Sonarillustrasjonen på bildet som er teke i ettermiddag viser korleis ei støttefylling er lagt nedanfor ubåtvraket på 145 til 165 meters djupne utanfor Fedje. Steinen som er brukt kjem frå Skiparvika i Gulen, og i føremiddag vart den siste lasta med stein lagt på fyllinga. Ubåtvraket ligg i to deler og forskipet ligg i ei skråning som heller om lag 15 grader.

– Hellinga gjer det kritisk for ras og måtte sikrast før det blir avgjort om båten skal hevast eller dekkast til. Eit ras ville truleg ha spreidd kvikksølvgifta til eit større område, seier prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket.

Overskotsmasse

Steinen som sikrar dette kjem altså frå Skiparvika i Gulen.

– Vi har levert 200 000 tonn granittisk gneis. Det er stein frå utbygginga av kaiane som er blitt sendt, seier dagleg leiar Lars Hellandsjø i Skipavika Næringspark.

Siste åra er det blitt bygd sju kaier i Skipavika. Overskotsmassen blir selt til utlandet. Leveransen av stein til Fedje-ubåten har halde på sidan tidleg i mai i år.

– Dette er kortreiste stein. Frå Skipavika til Fedje-ubåten er det cirka ein times segling, seier Hellandsjø.

Kystverket har skrive kontrakt med det nederlandske selskapet Van Oord til å stabilisere grunnen med denne fyllinga, og gjere U864 klar til fase to, som enten blir å heve båten eller dekke den til. Van Oord har i sin tur kjøpt stein frå selskapet Kvantum as i Ånneland, der Hellandsjø er styreleiar, og henta steinen frå Skipavika.

Titals millionar

Kystverket betalar van Oord 85 millionar kroner. Store deler av summen går til kjøp av Skipavika-steinen, men Hellandsjø vil ikkje seie kor mykje dei tenar, bortsett frå å stadfeste at dei sel stein for fleire titals millionar kroner.

Det blir levert ein million tonn stein i året frå Skipavika. Mykje går til vindmølleparkar i Skottland og England, seier Hellandsjø.

Prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket seier arbeidet med å stabilisere grunnen under den tyske ubåten frå andre verdskrigen har gått etter planen.

Steinen frå Gulen er han veldig nøgd med.

– Det er billig å hente stein i Gulen. Det har noko med kvaliteten og at det er mykje av den.

Stein henta i Gulen

STEINEKSPORT: Her blir stein frå Gulen henta for å fylle ut området rundt den tyske U862 som vart senka under andre verdskrigen og har vore ei miljøbombe sidan. Foto: Kystverket