Stein-aksjar selde i Gudvangen

Gudvangen Stein i Gudvangen har selt 85 prosent av aksjane til Nordic Mining.

Dagleg leiar Sigmund Bjørke seier at talet på tilsette truleg kan doblast når det no kjem meir kapital inn i verksemda.

Dei 10 tilsette i bergverksverksemda vinn ut anorthositt, som fyrst og fremst vert brukt i byggisolasjon i 10 europeiske land.

Nordic Mining er den nye norske bergversverksemda som no også satsar stort på uttak av eklogitt i Vevring i Naustdal.

Administrerande direktør Ivar Fossuim meiner at aksjekjøpet i Gudvangen Stein er ei god og framtidsretta satsing.