Hopp til innhold

Steile frontar om korleis Førde-pakken skal finansierast

Frank Willy Djuvik (Frp) og Atle Hamnar (V) er rykande usamde om korleis Førde-pakken skal finansierast.

Fotomontasje: Atle Hamar og Frank Willy Djuvik

USAMDE OM FINANSIERING: Atle Hamar (V) og Frank Villy Djuvik (Frp)

Foto: MONTASJE: Espen Aas/ Oddleif Løset / NRK

– Det er illojalt av Frank Willy Djuvik å kjempe for at regjeringa skal seie nei til bompengefinansiering av den såkalla Førde-pakken, når eit samla fylke med unntak av Frp ber om å få nytte bompengefinansiering. Det meiner Atle Hamar – venstremann og tidlegare politisk rådgjevar i samferdsledepartementet.

Djuvik på si side aviser at han har gått over streken.

– Nei, det har eg ikkje. Dette er ikkje ei sak som skal avgjerast av verken bystyret i Førde eller fylkestinget. Det skal opp i regjering og Storting.

Torsdag 6. november møttest dei to til radiodebatt i NRK Sogn og Fjordane.