Hopp til innhold

Steffen frå Stryn driv verdas største Britney-fanside

No kjempar han for å få superstjerna Britney Spears fri.

Britney og Steffen

SPESIELT MØTE: Steffen Fonn fekk møte idolet sitt to gonger, første gong her i Las Vegas i 2015.

Foto: Privat

Britney Spears
Ho er ei av verdas største popstjerner.
Steffen Fonn
Han driv verdas største Britney Spears-fanside.

På kvar sin måte kjempar dei no for å fri ho frå verjemålet sitt.

Britney Spears
Han hugsar godt det fyrste albumet han fekk i 2004. Greatest Hits: My Prerogative. 
I 2008 sat han seg skikkeleg inn i livet til popstjerna. Han begynte å elske alt ved ho. Musikken, opptredande, personlegdommen. Alt. 
I 2010 starta han fansida Britney Spears Norge på Facebook. I 2012 skot sida til vêrs. 

Internasjonal merksemd

Rundt 2010 fanst det allereie norske Facebooksider for andre store popstjerner som til dømes Rihanna og Lady Gaga.

Fonn såg at det mangla ei Facebookside for sjølvaste Britney Spears, og tok saman med to veninner på seg ansvaret med å lage ei slik side.

Britney Spears Noreg blei den kalla.

– Plutseleg begynte folk frå heile verda å følgje sida. Vi måtte begynne å skrive på engelsk fordi vi fekk eit heilt anna publikum. Det heldt ikkje lenger å skrive på norsk, fortel Steffen.

No har sida ein halv million følgarar.

Steffen Fonn

SIDEJOBB: Til vanleg er Steffen overkonduktør hos Vy. Når han har fri brukar han mykje tid på Britney-sidan.

Foto: Martha Linnea Pukal / Martha Linnea Pukallus

Han trur litt av grunnen til den enorme interessa for sida, er at dei delte bilete av god kvalitet, og at dei var tidleg ute med ferske nyhende.

– Så trur eg folk ser på oss som ei god kjelde på alt som skjer rundt Britney, spesielt no i det siste rundt #Free Britney-rørsla.

– Utan dei hadde det vore veldig mykje vanskelegare for ho å nå fram i saka.

Magnus Hoem Iversen

Møta

Britney veit at Steffen driv ein fanside om ho. Han møtte sitt store idol for første gong i 2015.

Britney og Steffen

SPESIELL AURA: Steffen fortel at Britney Spears hadde ein heilt spesiell aura, og at han blei starstruck.

Foto: Privat

– Eg blei heilt mållaus då eg kom inn i rommet og såg henne. Superstjerna var fantastisk pen.

Ho hadde ein heilt spesiell glød og utstråling, seier ein begeistra Fonn. Trass ei litt sjenert Britney, hadde dei ein veldig hyggeleg samtale der ho lo av det Steffen sa.

Han fekk til og med ein klem av idolet sitt.

Britney Spears i Oslo

NOREGSBESØK: Her er Britney under opninga av undertøyskolleksjonen hennar på Change i Oslo i 2014, året før Steffen fekk møte ho for fyrste gong.

Foto: Lise Åserud / NTB

Andre gongen dei møttest skulle vise seg å bli heilt annleis.

Det var i Telenor Arena i august 2018, under verdsturneen Piece of Me.

Britney Spears og Steffen Fonn.
Det var ikkje same spesielle gløden som møtte Steffen då.
Ho virka tristare. Som om tankene hennar var eit anna sted.

– Det er jo veldig trist å tenke på at ho følte seg tvungen til å vere der.

Seinare har Britney fortalt at ho blei tvungen til å gjennomføre turneen. Elles ville ho bli saksøkt av sitt eige management.

Britney Spears

ENTERTAINER: Britney er kjend for sine spektakulære sceneframsyningar. No nektar ho å opptre så lenge faren er oppført som verje.

Foto: BETH A. KEISER / AP

– Takk til fansen som støtter meg ...

#FreeBritney-bevegelsen har i stor grad fokusert på å spreie informasjon og auke bevisstheita rundt verjemålet til Britney. Far til superstjerna har vore verje for henne sidan 2008.

No i det siste har Britney ved fleire høve takka fansen for støtta i kampen for å få avslutta verjemålet.

Portrettbilde av stipendiat i medievitskap ved Universitetet i Bergen, Magnus Hoem Iversen.

MEDIEEKSPERT: Magnus Hoem Iversen er positiv til #FreeBritney bevegelsen.

Foto: Sigrid Haaland

Medieekspert Magnus Hoem Iversen er ikkje i tvil om at denne typen aktivisme frå fansen hennar har spelt ei viktig rolle.

– Den er viktig sidan den gir ei massiv støtte for synet hennar i denne saka. Fansen skapar auka merksemd, som igjen får dei større media til å skrive om saka, fortel Iversen.

Tilhengere av Britney Spears som møtte opp ved rettshuset i Los Angeles.

DEDIKERTE FANS: Tilhengjarar av Britney Spears som møtte opp ved rettshuset i Los Angeles.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Han er ikkje sikker på om ho hadde fått like mykje merksemd rundt situasjonen ho står i om det ikkje hadde vore for engasjerte fans.

– Utan dei hadde det vore veldig mykje vanskelegare for ho å nå fram med saka, seier Iversen.

– Det kjem til å ordne seg

– Britney har hatt enormt mykje å seie for fansen, ho har endra folk sine liv. #FreeBritney er fansen sin måte å takke ho på, fortel Steffen Fonn.

Om Britney blir fri eller ikkje, og kva som kjem til å skje, får framtida vise.

Aktivisten Fonn er ikkje i tvil om at ho kjem til å bli fri snart.

– Eg er 99 prosent sikkert på at ho kjem til å bli fri i løpet av hausten, seier ein optimistisk Fonn.

Steffen Fonn

OPTIMIST: Steffen Fonn trur Britney blir fri ifrå verjemålet sitt innan kort tid.

Foto: Martha Linnea Pukal / Martha Linnea Pukallus