Hopp til innhold

Solskjær var avgjerande for Steenslid

Ole Gunnar Solskjær sin retur til Molde var avgjerande for at Børre Steenslid (25) takka ja til klubben.

Børre Steenslid (t.h.)

TIL SOLSKJÆR: Børre Steenslid ser fram til å få Ole Gunnar Solskjær som trenar.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Ole Gunnar Solskjær

MOLDE-TRENAR: Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Han har utan tvil vore ein viktig faktor for at eg valde Molde, seier Steenslid til NRK.no.

Midstopparen frå Degnepoll i Vågsøy signerte i går kveld ei kontrakt på tre år med romsdalsklubben.

– Håpar på eit spark i ræva

– Solskjær har vore klar og tydeleg på at han vil ha meg og at klubben vil satse på meg framover. Det har vore veldig viktig for meg, seier Steenslid.

No håpar nordfjordingen at han skal klare å spele seg inn på landslaget.

– Eg reiser til Molde med ambisjonar om at dei skal gje meg eit dytt i ræva slik at eg presterer. Dersom vi klarar oss godt i tippeligaen vil eg banke på døra til landslaget, seier Steenslid.

Han seier han har banka på døra til landslaget tidlegare, men då måtte han takke nei grunna skade.

Vil til utlandet

Steenslid håpar han også kjem eit skritt nærare den store draumen om spel i utlandet.

– Det er heilt klart eit mål i karriera mi, seier 25-åringen.

Stenslid vart i 2007 seld til Viking for rundt seks millionar. Det er mykje som tyder på at han vart seld til Molde for langt mindre.