Hopp til innhold

Statue av forfattar vart omgjort til gamal høvding

Kunstnaren kallar seg eit geni etter å ha flytta statue av forfattar og gjort han om til gamal høvding. Dei som fekk monumentet er ikkje like glade.

Den nye statuen i Gloppen på vestlandet vekker debatt.

DEBATT: Monumentet over Eidehøvdingen vekker debatt.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Har du høyrt om Eidehøvdingen?

Eidehøvdingen levde på 400-talet og grava hans vert skildra som den rikast utstyrte mannsgrava på heile Vestlandet.

Særleg tre av gjenstandane i grava har vore av stor interesse: Eit glasbeger frå Syria; ein gullmynt prega med profilen til keisaren i det Austromerske riket; og til sist ein såkalla «tankering», eit spådomsverktøy som elles berre er funne i Afghanistan og i Iran.

Du tek teikninga. Eidehøvdingen må ha vore ein usedvanleg mektig krigar og handelsmann. Ikkje berre for si tid, men for all tid.

Rekonstruksjon av Evebøhøvdingens drakt.

STOR KAR: Eidehøvdingen var ein storbonde som truleg levde på 400-talet i Gloppen kommune i Vestland.

Illustrasjon: Arkikon

I Gloppen, der grava er, har det difor vore ynskje om å reise ein statue av høvdingen. Og denne månaden kom han omsider på plass.

Det var berre eitt problem.

For hadde ikkje folk sett den same statuen før?

Jo, det hadde dei.

For i 2012 vart ein liknande statue avduka i nabokommunen.

Ja, ikkje berre likna han. Med unntak av «garnityret» var det den same statuen, berre at han den gongen førestilte forfattaren Fridtjov Urdal.

Avduking av Fridtjov Urdal-statue

STOR LIKSKAP: Forfattar Fridtjov Urdal ved statuen under avdukinga i 2012.

Foto: Hans Jakob Reite / NRK

– Ingen har gjort noko liknande

I lokalpressa og i sosiale media har difor diskusjonen gått høgt dei siste dagane:

Ein brukt statue som før var ein annan? Var det dette dei hadde gått og venta på?

Og er det godt nok for sjølvaste Eidehøvdingen?

Kunstnaren, på si side, tek oppstandelsen med stor ro. Faktisk lurer Stig Eikaas, som han heiter, på om rekontekstualiseringa er det mest geniale han har gjort.

– Eg trur ingen har gjort noko liknande, så dette er nybrottsarbeid og eit paradigmeskifte innan tredimensjonal monumental steinkunst. Eg seier som Charlie Watts i Rolling Stones: Maybe I’m a genius after all.

Eikaas presiserer at monumentet har fått nye element og utsmykkingar, og legg til at «kunst er å sette ting inn i nye samanhengar».

– Tenk berre på Marcel Duchamp. Det er konteksten som gjer urinalet til noko meir enn berre eit urinal.

Marcel Duchamp - fountain

URINAL OG/ELLER KUNST: – Kunst er å sette ting inn i nye samanhengar, seier Stig Eikaas.

Foto: Tate Modern / AFP

– Gjenbruk er litt i tida

– Eg vil helst ikkje gå inn i nokon kunstdebatt, seier Leidulf Gloppestad (Sp), som er ordførar i Gloppen.

– Men det eg kan seie er at Eidehøvdingen er ein figur som glopparane har eit sterkt forhold til. Og så er det jo noko med at gjenbruk er litt i tida, da.

Han legg til:

– Men ver så snill å la meg sleppe å gå inn i ein kunstdebatt.

Innbyggarane i vestlandsbygd ikkje berre glade for å overta gamal statue. – Eg trur eg må vere eit geni, svarer kunstnaren.

TANKERING: Monumentet slik det er no, men tankering på magen.

Foto: Stig Eikaas

Og forfattaren Fridtjov Urdal (f. 1952), som lever i beste velgåande og som ikkje lenger har ein statue av seg sjølv å gå til? Kva synest han om alt dette?

– Skulpturen er skaparen sin eigedom, og han står fritt til å gjere det han vil med han, seier han til avisa Firda Tidend.

Han legg til:

– Eg kunne ha fått ein verre lagnad enn å oppstå på ny som Eidehøvdingen.

Fridtjov Urdal fann nye slektningar

IKKJE PROVOSERT: Forfattar Fridtjov Urdal har ikkje noko imot at statuen av han har blitt til Eidehøvdingen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK