Hopp til innhold

Statsforvaltaren vil la folk spreie oska si fritt

Statsforvaltaren i fleire fylke vil la folk spreie oska etter sin kjære, utan å gå vegen om lange søknadsprosessar.

Sognefjorden haust

MÅ HA LØYVE: Sognefjorden er ein populær plass å spreie oska si. I dag må du søkje for å få lov.

Foto: Fritjof Fure

I staden for gravlegging, kan ein få løyve til at oska etter ein kremasjon blir «spreidd for vinden» på eit område med aude preg, anten på land, sjø eller i ferskvatn.

Men ein må altså søkje. Alle som er over 15 år kan søkje medan dei lever, men vanlegvis er det pårørande som søkjer. Då må det vere tilstrekkeleg stadfesta at den avdøde ønska det.

Talet på urner utlevert til oskespreiing har meir enn tredobla seg dei ti siste åra.

To prosent spreier oska

I 2021 vart 867 urner utlevert til oskespreiing. Det tilsvarer to prosent av alle som døydde det året, og 4,5 prosent av alle som vart kremert, viser statistikken.

Talet var 251 i 2012. Først auka det jamnt, før ein kraftig auke til 747 i 2018, sterk nedgang i 2019 og ny stor auke i 2020.

I takt med at oskespreiing er meir i vinden, aukar også søknadsbunken hos Statsforvaltarane.

Langt frå alle får løyve. I fjor handsama statsforvaltarane til saman 2025 slike søknadar i Noreg.

Marsteinen fyr

Statsforvaltaren får inn mange søknader om oskespreiing i fjordane og på havet. Området rundt Marstein fyr i Vestland er ein populær stad å spreie oske.

Foto: Johanne Holm Andersen

– Ser ikkje nytten av byråkratiet

Likevel tar statsforvaltaren i fleire fylke no til orde for å fjerne søknadskravet.

– Vi meiner samfunnsskaden av moglege brot på reglane er så liten at vi ikkje alltid ser nytten av å halde fram med byråkratiet og søknadsordninga som er i dag.

Det seier Ida L. Kvåle, som er seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Vestland.

På same tid varslar Barne- og familiedepartementet at dei vil ta ein gjennomgang av regelverket.

Kan verte aktuelt med bøter

Fagsjef Anna Karin Hauge hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er blant dei som vil ha vekk papirmølla. Totalt brukar tre tilsette der 14 veker på sakshandsaminga i løpet av eitt år. I fjor fekk dei 285 søknader om oskespreiing, noko som er ny rekord.

Men i motsetnad til kollegaene i vest, synest Hauge det er uaktuelt å dele ut bøter til folk som bryt reglane.

– Det er viktig å ha i tankane at dette er menneske i sorg, seier ho.

Halnefjorden på Hardangervidda

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vil definere område til oskespreiing. Til dømes «aude stad på Hardangervidda».

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Dersom papirmølla forsvinn, ser Hauge for seg å definere eit eige område til oskespreiing.

Samstundes ser fagsjefen potensielle utfordringar.

Ho viser til Gaustatoppen, som er ein populær stad å spreie oske frå.

Sidan oskespreiing skal skje på ein aude stad, må dei sørgande få rettleiing til ein stad utanfor sjølve stien og toppen.

Les også Økende trend for askespredning i naturen

Ebba Wagnild

Minnesmerke er ikkje lov

– I møte med eit meir mangfaldig samfunn og ein venta auke i talet på dødsfall dei neste tiåra, meiner vi det til ei kvar tid er behov for å sjå nærare på om reglane er tenlege, skriv Barne- og familiedepartementet til NRK.

Saka blir sendt på høyring neste haust.

Samstundes går diskusjonen om minnesmerke etter personar som blir oskespreidde.

Det er ikkje lov i dag.

Det ønskjer KA, arbeidsgivarorganisasjon for kirkelege organ, å gjere noko med.

– Det er verdt å lytte til alle innspel om korleis forvaltninga kan legge til rette for enkle og ubyråkratiske prosessar for befolkninga, seier Randi Moskvil Letmolie i KA.

– Særleg gjeld dette menneske i ein sårbar situasjon.

Biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug

Bjørgvin- biskop Halvor Nordhaug er ikkje begeistra for oskespreiing. Han har tidlegare uttalt i ei høyring om temaet at «gravferd med oskespreiing bryt med den kristne skapartrua og trua på oppstode».

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug har ikkje tankar om byråkratiet kring oskespreiing, men meir om gravferdsforma i seg sjølv.

– Eg er ikkje begeistra for oskespreiing. Det er ein skikk eg vil rå ifrå, seier han.

Han viser til at oskespreiing høyrer heime i andre religiøse tradisjonar enn den kristne.

Samstundes har kyrkja opna meir opp for oskespreiing dei siste åra.