Hopp til innhold

Statsforvaltaren seier nei til omstridd gondol

Planane om å byggja Noregs høgaste gondol splittar Odda. No vil Statsforvaltaren stoppa den spektakulære skyliften, fordi toppstasjonen kan øydeleggja for villreinstammen på Hardangervidda.

Hardangerlift illustrasjon

HØGAST I LANDET: Planen er ein gondolbane frå sentrum og opp dei 1400 høgdemetrane til Rossnos.

Illustrasjon: REIULF RAMSTAD ARKITEKTER

CO₂ i atmosfæren
415.8 ppm
1,5-gradersmålet
+1.02 °C
Les mer  om klima

I dag er det ein krevjande fottur på rundt seks timar viss du vil opp til Rossnos.

Det kneisande fjellet er det høgaste punktet som er synleg frå Odda sentrum: 1407 meter over havet.

No er det planar om å bygga Noregs høgaste gondol opp dit:

Ein pendelbane som startar nede i sentrum, på toppen av det gamle bygget «Skalltaket» på det nedlagde Odda smelteverk. Gondolturen kan ta 6,3 minutt.

Men planane er omdiskuterte i lokalsamfunnet og splittar byen.

Dei som ønskjer utbygging, trur gondolbanen vil føra til vekst i folketal og arbeidsplassar, i tillegg til positive verknadar i sentrum.

Dei som er i mot, fryktar prosjektet kan kosta dyrt, både for naturen og villreinen, kommunekassa og andre turistsatsingar.

Villrein

Eit fleirtal i fylkesutvalet gjekk i oktober inn for å anbefala bygging av gondolbanen.

Men no har Statsforvaltaren fremja motsegn mot planforslaget.

Og meiner Rossnos ligg akkurat innanfor Hardangervidda villreinområde.

Rossnos. Høgaste fjellet i Odda sentrum.

Rossnos er synleg frå Odda sentrum.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Hardanger Lift set nasjonale interesser knytt til villreinen sine arealbehov og dei økologiske funksjonskrava til leveområda for villreinen som nasjonal ansvarsart, vesentleg til side.»

Det skriv Statsforvaltaren, og legg til at «planforslaget vil også ha negative konsekvensar for anna naturmangfald og miljøverdiar knytt til landskap av nasjonal interesse.»

Kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal hos Statsforvaltaren viser til at villreinstammen på Hardangervidda har fått status som nært truga på raudlista for arter.

– Hovudproblemet er punktet på Rossnos der gondolen skal gå til. Me ser at kommunen har prøvd å redusera ulempene, men me ser ikkje aktuelle løysingar som reduserer ulempene så mykje at det blir akseptabelt å bruka dette toppunktet.

Skuffa ordførar

Ordførar Roald Aga Haug (Ap) i Ullensvang kommune er skuffa, men ikkje overraska over motsegna.

– Me har registrert det. Men me meiner denne banen lar seg godt etablera utan å vera ein trussel mot villreinstammen.

Han viser til at det skal bli sett grenser for trafikkmengda og tatt omsyn til villrein.

Han er også forundra over merknaden til Statsforvaltaren, då kommunen meiner Rossnos ligg utanfor planområdet for regional plan for Hardangervidda.

Roald Aga Haug, Ullensvang kommune

– Me hadde nyleg eit godt dialogmøte med Statsforvaltaren, der me meinte me hadde dei klart mest viktige argumenta, seier ordførar Roald Aga Haug.

Foto: Tale Hauso / NRK

No vil kommunen be om ei mekling med Statsforvaltaren. Saka kan anten løysast ved at kommunen tilpassar planen, eller at dei kjem fram til ei løysing i fellesskap.

Om Ullensvang ikkje blir einige med Statsforvaltaren, går saka vidare til den politiske leiinga i Kommunaldepartementet.

Omdiskutert

Kommunen inst i Hardanger er langt frå åleine om å ønska seg skylift. Over heile landet blir det no lagt planar om å bygga baner som skal frakta opp mot 100.000 turistar til fjells kvart år.

I Loen har den nye skyliften der i løpet av få år blitt ein stor attraksjon.

Men protestane er mange til dei nye prosjekta.

Debatten går også høgt om gondolplanane i Kjøsnesfjorden i Jølster.

På Voss blei det bråk då den nye gondolbanen blei liggande rett over hustak. Fleire huseigarar fekk erstatning.

Les også: Fleirtal for gondolbanen som splittar byen: Vil bli den høgaste i Noreg

Hardangerlift
Hardangerlift

I Odda er gondolen planlagd med ein teoretisk transportkapasitet på 460 personar i timen.

Statsforvaltaren er skeptisk:

«Å leggje til rette for ein publikumstransport av dette formatet inn i nasjonalt villreinområde vil sprenge rammene for ei langsiktig og forsvarleg forvalting av nasjonalt villreinområde. Det vil vere særs konfliktfylt å leggje til rette for turisme- og næringsverksemd innanfor nasjonalt villreinområde».

Statsforvaltaren avviser også Ullensvang kommune si forståing av grensene for nasjonalt villreinområde:

«Vi kan ikkje sjå at det som er lagt fram er i samsvar med det som går fram av vedtatt regional plan. Vi legg difor til grunn den avgrensinga som går fram av regional plan for Hardangervidda 2019–2035 for vår vurdering», slår Statsforvaltaren fast.

Les også: Raudt lys for seks av ti villreinområde

Villrein i Sysendalen
Villrein i Sysendalen