Hopp til innhold

Statsbudsjettet: 20 kommunar taper på statsbudsjett, ho er den største taparen

LEIKANGER (NRK): 20 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut av statsbudsjettet enn landssnittet. Regjeringa gir meir til storbyane enn til dei små.

Kristin Maurstad

SINT: Kristin Maurstad (Ap) er ikkje nøgd med statsbudsjettet. Ho seier at regjeringa straffar mindre kommunar økonomisk.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg er rett og slett sint. Vi kjem så dårleg ut av dette at eg trur vi vil slite med å levere dei tenestene vi skal framover. Eg ser mørkt på framtida med desse tala, seier ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad.

Regjeringa har lagt fram statsbudsjettet for 2017, og det fortel mykje om korleis økonomien til kommunane blir det neste året.

Les også: Vegane er vinnarane i Sogn og Fjordane

På landsbasis legg regjeringa opp til ein ganske solid vekst i kommuneøkonomien, men i Sogn og Fjordane ser det annleis ut.

Av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, er det berre seks som får ein lik eller høgare vekst enn snittet i landet det neste året. Det vil seie at 20 kommunar i fjordfylket har ein lågare vekst i inntektene sine.

I snitt aukar inntekta til kommunane i Sogn og Fjordane med 2,1 prosent. I resten av landet er snittet på 2,7 prosent.

Svak folketalsvekst er grunnen

– Folketalet her i fylket går ned, og vi får fleire eldre. Det er det som er bakgrunnen for at inntektene til kommunen går ned, seier seniorrådgjevar hos Fylkesmannen på Leikanger, Martin Kulild.

Saman med folketalsutviklinga er ein viktig grunn til den låge veksten at regjeringa har utforma eit nytt inntektssystem for kommunane.

– Det nye systemet legg meir vekt på folketal, og då får ein mindre pengar for å ha eit stort areal, eller for berre å vere ein kommune. Slik sett kjem mange kommunar her i fylket dårlegare ut enn tidlegare.

Martin Kulild

LÅG FOLKETALSVEKST: Martin Kulild hjå Fylkesmannen fortel at låg folketalsvekst er hovudgrunnen til at inntektene til kommunane ikkje går så mykje opp.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Nøgd budsjettvinnar

Fjaler kommune er ein av kommunane med mest vekst i inntektene sine, og ordførar Gunhild Berge Stang er nøgd med det. Ho seier at kommunane sjølv har eit ansvar for å auke inntektene gjennom å skape vekst.

– Inntektene i statsbudsjettet heng saman med vekst og folketalsauke, og der har vi som lokalpolitikarar eit handlingsrom. Det beste måten å få ei høgare inntekt ifrå staten, er å jobbe for vekst i kommunen, seier Stang.

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ho vil likevel understreke at kommunane som kjem godt ut av statsbudsjettet ikkje no kan fråtsa i statlege overføringar.

– Når vi har ei auke i inntekter på statsbudsjettet, er det også fordi vi har ei auke i utgifter. Vi har mellom anna fleire born under 15 enn før, og det fører til meir deling av skuleklassar. Det kostar pengar, og difor får vi no meir.

Utgifter veks raskare enn inntekter

I takt med inflasjon og vekst i løn, vil kommunal tenesteyting ha ein pris- og kostnadsvekst på 2,5 prosent frå 2016 til 2017. Det vil seie at kommunane i Sogn og Fjordane har ein høgare vekst i utgiftene sine, enn dei får i inntektene sine.

Frå før har dei fleste kommunane i fylket like høge inntekter som resten av landet, men no slakkar altså veksten av.

Les også: Mer penger i kommunekassa

Ordførar i Balestrand og leiar for KS i Sogn og Fjordane, Harald Offerdal, likte ikkje det han fekk sjå i dag.

Harald Offerdal

UROA: Harald Offerdal fortalde dei frammøte på Statens hus i Leikanger at han ikkje var nøgd med statsbudsjettet. Det byrjar å sjå stygt ut for kommunane i Sogn og Fjordane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dette ser ikkje bra ut, det var dette vi frykta. No blir distriktskommunar straffa, og det har vi mykje av her i fylket. 18 av 26 kommunar har i praksis ikkje nokon vekst i inntektene sine, det byrjar å bli tøft for kommunane, seier Offerdal.

I ettertid har Gunhild Berge Stang kontakta NRK for å presisere at ho ikkje meiner at Fjaler har vore betre på å skape vekst enn dei andre kommunane i Sogn og Fjordane.