Hopp til innhold

Statsbudsjettet for 2022 i Vestland

Oppsummert

8. november legg Støre-regjeringa fram sin tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2022. Dei skal flytte pengar frå statbudsjettsforslaget som Solberg-regjeringa la fram 12. oktober.

  • Kutt for friskulane

    Regjeringa føreslår å reversere Solberg-regjeringa si bevilging på 20 millionar kroner i kapital- og husleigetilskot til friskulane. I tillegg vil dei redusere bevilginga ytterlegare med 15 millionar kroner, noko som utgjer eit samla kutt på 35 millionar kroner. Dette kjem på toppen av Solberg-regjeringa sitt kutt på 170 millionar kroner i driftsstilskot til friskulane. – Vi meiner dette er under einkvar kritikk, det viser at noko av det fyrste den nye regjeringa gjer, er å ramme friskulane, seier fyrste nestleiar i KrFU og bystyrerepresentant i Bergen (KrF), Joel Ystebø.

  • Aukar tilskot til rusbehandling

    Regjeringa ønsker å bevilge ytterlegare 21,2 millionar kroner til eit femårig forsøk med heroinassistert behandling, eit tiltak som skal hjelpe dei med alvorleg rusavhengigheit til betre livskvalitet. Midlane finansierer behandlingstilbod i Oslo og Bergen, samt følgeforsking i regi av Helsedirektoratet.

  • Store Lungegårdsvann mistar pengar

    Regjeringa Støre vil fjerne midlane regjeringa Solberg sette av til opprydding av Store Lungegårdsvann, skriv BT. Solberg-regjeringa sette i haust av 23 millionar til reinsinga. Heile beløpet er no ute av tilleggproposisjonen til statsbudsjettet som vart lagt fram i dag. – Det er svært skuffande at midlane til opprydding i Store Lungegårdsvann kuttast ut, seier byrådsleiar Roger Vallhammer (Ap) til BT.

  • Aukar inntektsfrådrag

    Regjeringa vil auke inntektsfrådrag for primærnæringa og sjøfolk. – Vi er opptekne av å betre kvardagen til vanlege arbeidsfolk. Dei auka frådraga for primærnæringane og for sjømenn bidreg til å auke inntektene for disse gruppene. Dette vil vere eit viktig bidrag for næringane og arbeidsfolk langs kysten og rundt om i hele Norge, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).