Hopp til innhold
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (t.v.) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Statsbudsjettet 2023 i Vestland

Oppsummert

Torsdag 6. oktober legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram statsbudsjettet for 2023. Her får du siste budsjettnytt frå Vestland.

  • Mista million ved ein feil

    Leiinga for Moster2024 frykta dei skulle mista halvparten av den offentlege støtta då årets statsbudsjett vart lagt fram. Dei hadde budsjettert med 2 millionar i støtte, men fekk berre éin.

    I dag var barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) på Moster. Der stadfesta ho at regjeringa skal finna pengar til jubileet. Til NRK seier Toppe at det har skjedd ein feil. Dagleg leiar Elsa Aanesen i Moster2024 seier til NRK at ho er letta etter møtet.

  • Milliardauke for Hywind Tampen

    Equinors havvindprosjekt blir nesten halvannan milliard kroner dyrare enn opphavleg berekna. Regjeringa melder i årets forslag til statsbudsjett at investeringsestimatet sidan PUD (Plan for utbygging og drift) har auka med 1,481 milliardar kroner. Prosjektet skulle etter dei opphavlege planane koste 5 milliardar kroner.

  • Enova får 500 millionar kroner meir i 2023

    Enova har dermed 4,5 milliardar kroner tilgjengeleg neste år. Til gjegjeld skal dei auke innsatsen for for å elektrifisee skip, tungtransport og anleggsmaskiner, og dessutan å redusere utslepp av klimagassar frå industri som ikkje er ein del av kvotesystemet.