Hopp til innhold

Statoil rekrutterer ungdom til oljebransjen utan å snakke om klima

VILVITE (NRK): I kommunal regi held Statoil fagdag om oljebransjen utan å fortelje niandeklassingane om klimautfordringane. – Dei sviktar sitt etiske ansvar, meiner forskingsleiar.

Elever på Vilvite-senteret

OLJEUTVINNING: Niandeklassingane Arne Henrik Eikeland (f.v.), Jakob Brekke og Anniken Nybråten får lære korleis ein pumpar olje opp frå havet under Statoil sin fagdag på VilVite-senteret i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg tippar dei ikkje vil snakke om klima fordi dei vil ha fleire til å jobbe i oljebransjen, seier Eskil Reier Njerve.

Niandeklassingen frå Storetveit skole i Bergen har vore på VilVite-senteret, der Statoil har arrangert fagdag for kring 150 niandeklassingar.

Njerve seier han tenker langt meir på eigen jobb enn verda sine klimautfordringar når han skal velje yrke, og fekk heller ikkje noko informasjon om sistnemnde under fagdagen.

Den bestod i eit foredrag om Statoil, og aktivitetar som «oljeutvinning» med sykkelpumpe og matolje.

– Vi har fokus på oljedanning, oljeleiting og utvinning. Klimaeffektar og forureining er ikkje del av fagdagen. Det føler eg er litt på sida, seier Janiche Beeder, som har laga Statoil sitt fagdagopplegg.

Arrangementet er del av Bergen kommune sitt program «Ka vil DU bli?», der dei samarbeider med kring 80 bedrifter. Statoil legg ikkje skjul på at dei ser på møtet med niandeklassingane som ein viktig rekrutteringsarena.

Janiche Beeder i Statoil

ANSVARLEG FOR FAGDAGEN: – Dette er ein Statoil-fagdag, så i utgangspunktet er målet å få til rekruttering til Statoil, seier Janiche Beeder.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Statoil har eit etisk ansvar

Men å velje petroleumsnæringa er kanskje ikkje det smartaste på sikt, meiner klimaforskar Bård Lahn i Cicero.

– Vi må praktisk talt vere kvitt klimagassutsleppa tidleg i siste halvdel av dette hundreåret, altså i løpet av yrkeskarrieren til dagens niandeklassingar, seier han.

Nils Gunnar Kvamstø, instituttleiar ved Bjerknessenteret for klimaforsking, kallar det «veldig spesielt» at Statoil og Bergen kommune ikkje nemner klimaaspektet.

Nils Gunnar Kvamstø

Nils Gunnar Kvamstø

Foto: Universitetet i Bergen

– Brenning av fossile ressursar er primærkjelda til menneskeskapte CO₂-utslepp, og togradarsmålet frå Paris blir oppfylt innan 25 år viss vi held fram i same takt. Det må jo Statoil som seriøs bedrift vere einig i. Så viss ein eksponerer elevane og har mål om rekruttering, er det merkeleg viss ein unnlét å fortelje at dette ikkje er berekraftig.

– Men er det Statoil sitt ansvar å gjere norske niandeklassingar miljømedvitne?

– Om dei ikkje har eit juridisk ansvar, så har dei i alle fall eit etisk ansvar for å få inn det perspektivet, meiner Kvamstø.

Aase Bergmann, ansvarleg for fagdagane i Bergen kommune, seier niandeklassingane generelt er «opne og påverkelege». Men ho ser ikkje noko problematisk i å la Statoil freiste å rekruttere elevane til ein jobb som kanskje ikkje finst dersom verda når klimamåla.

– Vi håpar på ein balanse på dei tinga der, og det trur eg absolutt vi får, seier Bergmann.

Aase Bergmann

SKAL VERE RELEVANT: – Sjølvsagt ønsker bedriftene å vise seg og yrka frå ei fin side, men det skal vere relevant, seier Aase Bergmann, ansvarleg for Bergen kommune sine fagdagar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ikkje «negativt fokus»

– Er elevane opptekne av klimaspørsmål?

– Nei, eg har ikkje opplevd noko negativ fokus på det, seier Beeder i Statoil.

– Kva svarar Statoil viss elevar spør om dei bør utdanna seg til å produsera fossil energi?

– Eg jobbar jo med korleis ein skal få ut olje på ein miljøvenleg måte, så eg kan snakke varmt om korleis ein kan vere miljøengasjert og likevel jobbe med oljeproduksjon, seier Beeder.

Elever på Vilvite

OLJEUTVINNING: Niandeklassingane Arne Henrik Eikeland (f.v.), Jakob Brekke og Anniken Nybråten får lære korleis ein pumpar olje opp frå havet under Statoil sin fagdag på VilVite-senteret i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK