Statoil møter folket til Sverdrup-diskusjon

Statoil skal leggje ein tolv kilometer lang røyrleidning gjennom Nordhordland. No er dei invitert til folkemøte for å informera om planane.

Mongstad

TIL MONGSTAD: Statoil skal føre i land oljen frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen til Mongstad.

Foto: Kyllingmark, Chris / SCANPIX

Per Lerøy

FÅ REAKSJONAR: – Eg har ikkje fått så mange reaksjonar på val av trasé, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Onsdag blir det folkemøte om den nye oljerøyrleidningen som skal frakte olje frå Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen og til Mongstad.

Røyret kjem i land i Hoplandsosen mellom Radøy og Austrheim, og skal gå delvis på land og delvis i sjøen fram til Mongstad. Den nøyaktige plasseringa er ikkje avgjort enno.

Ordførar i Austrheim, Per Lerøy, fryktar ikkje mange konfliktar.

– Slik er har sett traseen, er han langt vekke frå bebudde område slik det ligg no. Så langt har eg heller ikkje fått så mange reaksjonar på val av trasé, seier Lerøy.

Produksjonsstart i 2019

Johan Sverdrup-feltet er eit av dei største oljefelta på norsk sokkel, og vil på maksimal produksjon stå for 25 prosent av oljeproduksjonen på norsk sokkel. Feltet ligg i Nordsjøen, 140 kilometer vest for Stavanger.

Produksjonsstart er venta på slutten av 2019. I fjor kom avgjerda om at oljen skal fraktast i røyr til Mongstad.

Dette understøttar Statoils ambisjon om å sikre at terminalverksemda skapar lønsame verdikjeder for olje også på Mongstad.

Arne Sigve Nylund, direktør for Statoils landanlegg.

– For Mongstad-terminalen er dette ei positiv tilråding som understøttar Statoils ambisjon om å sikre at terminalverksemda skapar lønsame verdikjeder for olje også på Mongstad, sa Arne Sigve Nylund, direktør for Statoils landanlegg, då planane blei kjende.

Radøy-ordførar Jon Askeland, som også er leiar i regionrådet i Nordhordland, jubla også.

– Vi er veldig nøgde. Dette vil eg tru betyr ein auke i antall arbeidsplasser i anleggsperioden, men ikkje minst at dei arbeidsplassene som er her i dag blir videreført for ein lengre periode fremover, sa Askeland.

– Gir store moglegheiter for næringslivet

Jon Askeland

POSITIV: – Vi er veldig nøgde, sa regionrådsleiar Jon Askeland då planane om ilandføring til Mongstad blei kjende.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Røyrleidningen kjem altså i land i Hoplandsosen mellom Radøy og Austrheim. Vidare skal han gå i tolv kilometer over Bergsvik, Hopland og Førland fram til Mongstad.

Arbeidet startar i 2016. Ordførar i Austrheim, Per Lerøy, ønskjer at folk skal koma med innspel før reguleringsarbeidet tek til. Difor inviterer Austrheim og Lindås no til folkemøte.

– Fleire representantar frå Statoil kjem på møtet, for å informere og svare på spørsmål frå salen. Vi set pris på at Statoil legg opp til ein open prosess, og håpar folk kjem på møtet, seier Lerøy.

Han meiner også prosjektet er bra for lokalsamfunnet.

– Ja, det er heilt klart, det gir store moglegheiter for næringslivet i området, og for oss som kommune. Så dette kan føra mykje positivt med seg, seier Austrheim-ordføraren.