Hopp til innhold

Skulle berre utbetra skogsvegen – lot treet stå att midt i

Då Statnett ikkje fekk felle den verna furua, bygde dei vegen rundt det.

Tre i vegen

I VEGEN: Denne einslege furua på sørsida av Sognefjorden har blitt omkransa av skogsveg.

Foto: Vilhelm Rumohr

Godseigar Vilhelm Rumohr rår over den største skogseigedommen på Vestlandet.

62 000 dekar skog har han på godset.

Statnett måtte gjennom hans eigedom, Frønningen, då dei skulle bygge ei ny kraftlinje over Sognefjorden.

Men Rumohr blei overraska då han såg kva Statnett hadde gjort med skogsbilvegen dei skulle oppgradere.

Dei hadde nemleg latt eit tre stå midt i vegen dei hadde oppgradert.

– I starten var det berre komisk, seier Rumohr.

Sogn Avis omtalte saka først.

Vart ikkje oppdaga på synfaring

Det tok ikkje langt tid godseigaren ved Sognefjorden slutta å sjå det komiske i saka.

– Etter kvart såg eg jo at slik burde det ikkje vere. Dette her var jo ikkje bra.

Rumohr har verna mellom 500 og 1000 av trea i urskogen der skogsbilvegen går.

Treet midt i vegen er det eine av dei.

Rumohr er skuffa over at Statnett ikkje hadde fleire spørsmål til han då dei var ute på synfaring før arbeidet med vegen begynte.

Då blei dei saman einige om å fjerne eitt av trea som kunne vere til hinder for vegen.

Men det var ikkje dette treet. Så då lét dei det stå.

Vilhelm Rumohr

Vilhelm Rumohr sin skogseigedom Frønningen er på 60.000 dekar. Kring ein tredjedel er produktiv skog. Biletet er teke hausten 2018.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje beste løysinga

Til NRK fortel kommunikasjonssjef i Statnett, Christer Gilje, at løysinga dei kom fram til nok ikkje var den beste.

Alternativet om å sprenge i fjellet for å bygge utanom vegen, hadde blitt eit stor inngrep.

– Derfor skal vi dra ut og sjå om vi finn eit betre alternativ, seier Gilje.

Akkurat kva alternativet er, veit Statnett ikkje enda.

Gilje seier at Statnett ikkje har opplevd noko liknande tidlegare når dei tidlegare har bygd ut vegar i norsk natur.

– Så her har vi nok vore uheldige med akkurat det som er gjort her.

Eiketre på fylkesveg 49

Treet sør for Sognefjorden er ikkje det einaste som har fått bygd ein veg rundt seg. Langs fv. 49 i Tørvikbygd i Hardanger står "Mjølkeeika".

Foto: Bjørn Bækkelund/Norsk Skogmuseum

Veit ikkje kva som skjer med treet

Rumohr veit ikkje heilt kva han skal kalle heile hendinga eller kven han skal skylde på.

– Eg føler jo her at Statnett ikkje har gjort jobben sin.

Kva som skjer vidare med treet har ikkje godseigaren avgjort.

Men han seier at så lenge Statnett er open for å finne ei løysing, er han også det.

– Så eg er open for at vi tar ein kikk på det, seier Rumohr.