Hopp til innhold

Dette skal veg-milliardane brukast til

I dag presenterte Vegvesenet ei prioritering av store, framtidige utbyggingsprosjekt på riksvegnettet.

Lyssignal for veiarbeid
Foto: Anne-Marit Borgen Werring / NRK

Vegvesenet la fram status for prioriteringar på utbyggingsprosjekt på riksvegnettet på ein pressekonferanse måndag føremiddag.

Dei fire veg- og tunnelprosjekta øvst på Vegvesenet si prioriteringsliste:

– Vi prioriterer langs dei lange strekningane, seier direktør for utbygging i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik.

Vegvesenet si liste med store prosjekt inneheld 19 prosjekt i prioritert rekkefølge. Dei øvste plassane på lista er identisk som lista i fjor, fortel Davik.

I slutten av mars la Vegvesenet fram ei prioriteringsliste som peiker fram mot neste Nasjonal Transportplan (NTP).

Prioriteringane som kom måndag er knytt til inneverande NTP 2022–2033.

– Dette er gode nyheiter, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp).

Hafstadfjelltunnelen på E39 har rykt opp fleire hakk på lista. Riksveg 5 Erdal – Naustdal er også med.

– No handlar det verkeleg om å få ferdig planane og få nok pengar inn i Nasjonal Transportplan til å få gjennomført desse viktige prosjekta, seier Følling.

Betre vedlikehald

Vegvesenet la også fram ei liste med 200 prosjekt i heile Noreg som skal «bidra til å stogge forfallet og gi betre trafikktryggleik og framkome på riksvegane».

Prosjekta er alt sett i gang eller blir sett i gang i 2023.

Dette er prosjekt som skal gjere vegane tryggare, til dømes ved å lage nye gang- og sykkelvegar, nye kryss-løysingar, rekkverk eller utbetring av skredfarlege punkt.

Vi prioriterer drift og vedlikehald høgare. Etter fleire år med aukande etterslep, vil vi snu utviklinga, uttaler vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Med regjeringas forslag om 1,2 milliardar kroner i revidert budsjett til drift og vedlikehald får vi gjort meir, og vi forklarer korleis, er meldinga frå Statens vegvesen.

Vi trur dette blir eit vendepunkt der vi kan ruste opp riksvegane, seier Hovland.

Midlane kjem i tillegg til 9,4 milliardar kroner som allereie ligg inne i statsbudsjettet for 2023 til drift og vedlikehald av vegar, som var 1 milliard meir enn i 2022.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i Statens vegvesen.

Foto: Mariam Eltervåg Cissé / NRK

NAF: Også stort behov på fylkesvegane

Endeleg blir vedlikehald teke på alvor, kommenterer pressesjef Ingunn Handagard i NAF.

Det er viktig at pengane setjast inn på tiltak som gir auka trafikktryggleik, slik at betre vegstandard kan vere med å få ned ulukkestala.

Fleire strekningar med gul midtstripe og oppgradering av rekkverk er derfor satsingar NAF støttar, legg ho til.

Vegvesenet sine prosjekt gjeld riksvegane. Handagard viser til at behovet for vedlikehald og fornying er stort også på fylkesvegane.

Fylka må vere sitt ansvar bevisst, meiner Handagard.

– Målet må vere å snu trenden også på fylkesvegane, bort frå at forfallet aukar år for år. I revidert budsjett fekk fylka auka sine frie midlar, og vi meiner vedlikehald av vegane må prioriterast høgare framover.

– Viktig med vedlikehald

– Samla sett blir nivået på løyvinga til drift og vedlikehald på riksvegar i 2023 med dette rekordhøgt, og nærmar seg eit nivå der vi vil kunne forhindre nytt forfall på norske vegar i år, uttala samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i samband med løyvinga.

Administrerande direktør i Noregs Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo, har tidlegare uttala at det i ein hardt pressa økonomisk situasjon er viktig å rette søkelyset mot vegvedlikehald framfor store gigantprosjekt.

– Det er derfor svært positive signal frå regjeringa at dei vil løyve 1,2 milliardar kroner til meir drift og vedlikehald av riksvegane, kommenterte Mo då revidert nasjonalbudsjett var lagt fram.

Les også Regjeringa seier folk vil bli skuffa over vegsatsinga

Hordfast

Nasjonal ladestrategi for tungbilar

84 prosent av nye bilar er no elektriske bilar. Vegvesenet vil legge til rette for at også tyngre køyretøy kan kome etter, og har også peikt ut strekningar der lading for tunge køyretøy skal etablerast.

Dette gjeld riksveg 3 i Østerdalen, E18 i Aust-Agder og riksveg 7 Gol

Nye steg skal takast mot nullutslepp. No er det varebilane som kjem. Framover er det viktig å sørge for at tungbilane kjem etter. Her må staten bidra ved å legge godt til rette for ladeplassar, seier vegdirektøren.

Les også Nye klimaberekningar viser negativ samfunnsnytte for motorvegen

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.