Det kjem fram i rapporten frå den tragiske møteulukka på riksveg 55, mellom Sogndal og Leikanger i april 2018.
Føraren av tankbilen hadde førarkort på køyretøyet og rett til å køyre utrykkingskøyretøy. Likevel konkluderer ulukkesrapporten med at manglande erfaring med å køyre tankbilen i utrykking kan ha vore eitt av fleire forhold som medverka til ulukka.
– Dette er ein tankbil med vatn, og når du får fleire svingar på rad vil effekten av vatnet som skvulpar fram og tilbake bli forsterka. Det kan ha gjort at føraren hamna på utsida av asfaltkanten, seier Hans Olav Hellesøe, leiar av ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen.
Det var Grafen som skreiv om rapporten først.
Lite trykk i dekka
Etter at tankbilen hamna utanfor asfaltkanten, kom han over i motsett køyrefelt då han styrte bilen inn på vegen att.
– Det er veldig vanskeleg å takle ein slik manøver, og det er ein stor fordel å redusere farten før ein køyrer inn på vegen att, seier Hellesøe.
Det skal også ha vore lågt trykk i nokre av dekka på tankbilen, noko som kan ha bidrege til uvanleg mykje rørsle.
– I tillegg var det ein betongmur på andre sida av vegen, så den møtande bilen hadde ingen plass å avverje situasjonen på.
Vil ha meir systematisk trening
Etter arbeidet med rapporten kjem Hellesøe med ei klar oppmoding.
– Denne sjåføren var ikkje frivillig, men på generelt grunnlag bør dei frivillige i brann og redning få meir systematisk trening i å køyre tunge køyretøy.
I tillegg anbefaler rapporten å etablere faste rutinar med å kontrollere dekktrykk.