Hopp til innhold

No slepp borna reise timevis for å få hjelp

Etter ein lang politisk dragkamp opna endeleg det nye barnehuset i Førde. No kan borna i fylket møte trente fagfolk i trygge omgjevnadar i staden for å reise i fleire timar.

Arne Johannesen

GLAD: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Det er ein merkedag for Sogn og Fjordane, og for dei overgrepsutsette borna, sa sjef for politiet i fylket, Arne Johannessen, då han i dag fekk vere med på å opne Statens Barnehus i Førde.

Fram til no har born som skulle avhøyrast om vald, seksuelle overgrep og traume måtte reise til Ålesund eller Bergen. Men frå neste veke kan borna få kome til eit lokale på Førde sentralsjukehus der dei møter trente fagfolk i trygge omgjevnader.

Slepp den lange reisa

Arne Johannessen er rørande glad over at fylket no har fått sitt eige barnehus.

– At born må reisevis i timevis til Bergen for å bli avhøyrt om seksuelle overgrep, er eit overgrep i seg sjølv. Når nokon har vore utsett for den verste form for kriminalitet må vi legge forholda til rette for dei. Det har vore motivasjonen til alle som har jobba for barnehuset, seier han.

Linda Åmelfot

TRYGT: Politioverbetjent Linda Åmelfot syntest det er viktig at folk veit at barnehuset er for born opp til 18 år og for dei psykisk utviklingshemma.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein paraply for borna

Politioverbetjent Linda Åmelfot har jobba i mange år jobba med born som blir utsette for, eller blir vitne til, vald og overgrep. Ho er glad for at borna i Sogn og Fjordane no får eit tilbod i nærleiken.

– Vi ønsker at dei skal sleppe å ta omsyn til mange ting på ein gong – dei har jo gjerne meir enn nok med det dei allereie strever med. Barnehuset er difor ein paraply der alt er samla på ein plass, seier ho.

– Her har vi trygge vaksne som borna kan snakke med.

Ein lang prosess

Det har vore ein årelang politisk dragkamp å få barnehuset til Førde.

Kommunane, KS, fylkeskommunen, politiet, Helse Førde, Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt og Statens barnehus i Bergen er nokon av dei som har engasjert seg for å få på plass eit eige barnehus i fylket.

– Prosessen har vore lang, men frå vedtaket blei fatta politisk har det gått forferdeleg fort og heilt på skjener, seier Johannessen.

– Eg trur suksessen bak er mykje på grunn av at fagmiljøa i Sogn og Fjordane har klart å samarbeide og at politikarane har teke det vidare.

Statens Barnehus i Førde

NYTT OG FINT: – Det blei heilt fantastisk her – og det er viktig når ein skal snakke om vanskelege og traumatiske ting, seier Arne Johannessen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK