Hopp til innhold

Staten avviser både støtte og møte om hagebruksskulen

Kunnskapsdepartementet vil ikkje møte fylkeskommunen for å diskutere løyvingar til restaurering av Sogn jord- og hagebruksskule. Ordførar Noralv Distad (H) har likevel ingen planer om å la ballen liggje.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

SKUFFA: Ein skuffa ordførar Noralv Distad (H) i Aurland kommune konstaterer at Staten berre ser på Sogn jord- og hagebruksskule som ei landsline. – Vi har behov for å forklare kva Sogn- jord og hagebruksskule eigentleg representerer, seier han.

Foto: Silje Immel Slettestøl

Den økologiske skulen må rustast opp for mellom 50 og 80 millionar kroner, og går ei usikker framtid i møte.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad er skuffa, men seier dei ikkje gir opp håpet om å legge fram saka si for politiske styringa i departementa.

– Skulen representerer veldig mykje meir enn berre vidaregåande opplæring, og vi kjenner eit stort behov å få dette lagt fram for statlege styresmakter, seier han.

Vurdert som landsline

Kommunen og fylkeskommunen bad tidlegare i år om å få møte den politiske leiinga i Kunnskapsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet for å drøfte framtida til Sogn jord- og hagebruksskule.

Sogn jord- og hagebruksskule

TRUA: Sogn jord- og hagebruksskule må rustast opp, og går ei usikker framtid i møte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

No har svaret kome, og det er identisk med avslaget tidlegare Kunnskapsminister Kristin Halvorsen gav. Skulen blir omtala som ei landsline og som fylkeskommunen sitt ansvar.

– Kunnskapsdepartementet kan difor ikkje medverke til å finansiere bygningsmessige investeringar ved Sogn jord- og hagebruksskule. Det ligg vidare ikkje føre planer om å endre satsane til drift av landsliner, skriv departementet.

Gir ikkje opp

Men i Aurland gir ikkje Distad opp kampen for skulen og har vendt seg til stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) for å få eit møte med den politiske leiinga.

– Vi har behov for å forklare kva Sogn- jord og hagebruksskule eigentleg representerer. Det er mykje meir enn berre vidaregåande opplæring og det som går i forhold til dei snevre reglane for landslina, seier Distad og legg til at skulen i Aurland er eit kompetansesenter for økologisk landbruk.

– Det tredje er at dei driv stor grad av kursverksemd, seier han.

Mykje eigenfinansiering

Distad håpar ikkje at det vil vere kroken på døra for skulen, dersom ein ikkje kjem i hamn med møta med politisk leiing.

Skulen blir eigd av fylkeskommunen, og det er såleis dei som har totalansvaret for Sogn- og hagebruksskule.

– Med dei aktivitetane som er på Sogn jord og hagebruksskule, så blir langt over 50 prosent finansiert med andre inntekter enn det som kjem i form av tilskot frå Staten og fylket. Her er stor del av eigenfinansiering, kommersielle inntekter, seier Distad og legg til at kommunen i mars skal gi tilbakemelding på ei utfordring frå skuleeigaren.

Utfordrar kommunen

Fylkeskommunen har bede om tilbakemelding på ein invitasjon til medverknad i drifta, eller om å vere med eit samarbeid for å sikre skulen eksterne midlar.

– Samstundes må vi halde fram prosessen med å klare å få ekstern finansiering. Sogn jord- og hagebruksskule er ei alt for god sak til at ho strandar eller fell mellom to stolar i høve til regelverk. Dette er ein skule og kompetansemiljø som ikkje berre Aurland og heile fylket trenger, men også heile landet, avsluttar Distad.