Hopp til innhold

Staten vil ikkje presse Hydro

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) vil ikkje bruke statens eigardel i Hydro til å påverke selskapet til å takke nei til 18 milliardar i CO₂-kompensasjon. I eit skriftleg svar til Stortinget viser han til «selskapslovgivinga og prinsippa til staten for god eigarstyring». Eit nytt krav frå Esa gjer at Noreg må betale milliardar i CO₂-kompensasjon til Hydro fram mot 2030. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) har varsla at kravet vil slå inn i statsbudsjettet, og har omtalt kompensasjonen som «ein gåvepakke mange syns er urimeleg».