NRK fortalde tidlegare i januar om turstien i Sogndal som viste seg å vere ein tofeltsveg ved nærare ettersyn.
Ein tilsynsrapport ligg no på bordet til kommunen, som skal hente inn tilsvar frå utbyggar og sidan konkludere med ei passande straff eller ikkje-straff.
Problemet er at utbyggjar og «dommar» nesten er den same.
Sogndal kommune eig 64,28 prosent av Sogndal Skisenter, som har laga stien.
Fredrik Holth, dosent i juridiske fag ved Institutt for eigedom og juss (NMBU), oppmodar difor Statsforvaltaren til å involvere seg og «sjå til» at kommunen følgjer opp saka slik lova seier.
– Det ville vere svært underleg om ikkje staten ser til at denne saka blir følgd opp, seier han.
Han legg til at kommunen bør vurdere å politimelde stien.
Økokrim har fleire gonger presisert at terskelen for miljøkriminalitet er lågare enn det kommunar flest legg til grunn.
Måndag varsla Naturvernforbundet at dei går til retten for å hindre bygginga av ein ny skogsbilveg i Sørmarka utanfor Oslo.
– Staten må sjå kommunen i korta
NRK har vore i kontakt med fleire ekspertar på kommunal- og forvaltningsrett som peiker på at staten bør kjenne si besøkstid i Sogndal.
I alt handlar det om tre grunngjevingar:
- Dobbeltrolla til kommunen som «bukk» og «havresekk».
- Alvoret i saka
- At det var Statsforvaltaren som bad om tilsynet og som «fekk ballen til å rulle»
– Denne saka er så alvorleg at statsforvaltaren må involvere seg og ikkje overlate dette til kommunen åleine, seier Ernst Nordtveit, som er professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultetet (UiB).
Han kallar det «eit tankekors» at lovverket er «stappfullt» av habilitetsreglar på personnivå, medan kryssande interesser på kommunalt nivå ikkje er like strengt regulert.
– Vi er eit pragmatisk folkeslag som veit å finne fram til praktiske løysingar. Men denne modellen har svakheiter, seier han.
Andre ekspertar NRK har vore i kontakt med seier det er rett av staten å halde seg unna – enn så lenge (sjå under).
Turstien «Grøn løype» i Sogndal går frå heishuset ved Kalvavatnitrekket opp til toppen av trekket.
Foto: Sogndal kommuneI 2016 drøfta Kommunelovutvalet om det bør vere strengare krav til kommunane når dei fører tilsyn, og i den nye Kommunelova (vedteke i 2018) er det krav om at alle kommunar skal utarbeide ein oversikt over alle verksemder dei har eigarinteresser i.
– Denne saka gjev grunn til å rette merksemd mot kommunar si varetaking av eigarstyring overfor selskap som dei heilt eller delvis eig, seier Sigrid Stokstad ved Institutt for offentleg rett (UiO).
I 2016 tilhøyrde ho mindretalet i utvalet som ikkje ønskte å lovfeste ein regel om nøytralitet og likebehandling der kommunen kan komme i ei dobbeltrolle.
– Eg tenkjer framleis at det var fornuftig, seier ho til NRK.
Ho legg til:
– Men det er dilemma knytt til kommunane si rolle som tilsynsmakt der dei har eigne interesser i verksemda det vert ført tilsyn med.
Andre gonger må norske kommunar føre tilsyn med sin eigen «konkurrent», som i barnehagesektoren.
Her starta Vågsøy kommune arbeidet med å fylle ut i sjøen, utan å ha løyve.
Foto: Harald Kolseth / NRKKommune melde seg sjølv til politiet
Professor ved Det juridiske fakultetet, Hans Petter Graver, seier utviklinga sidan 1980-talet med auka konkurranseutsetjing og meir offentleg/privat samarbeid har «viska ut grenser» og gjort tilsyn vanskelegare.
– Turstien i Sogndal illustrerer dette ved at kommunen har komme i ei dobbeltrolle. Vanlegvis skal ikkje ei offentleg styresmakt ha eigne interesser i gjennomføringa av offentlege tilsyn, seier han.
I 2020 melde Kinn kommune seg sjølv til politiet. Årsaka var at tidlegare Vågsøy kommune, som sidan vart ein del av Kinn, hadde dumpa store mengder stein i sjøen utan løyve.
– Hadde det vore ein privat entreprenør som hadde gjort same, så hadde vi ikkje nølt med å melde saka til politiet, forklarte kommunedirektøren.
Statsadvokaten tok ut tiltale før jul. Saka skal opp i retten i mars.
Miljødirektør hos Statsforvaltaren i Vestland, Kjell Kvingedal, viser til historia frå Kinn som eit døme på at norske kommunar følgjer opp plan- og bygningslova på samvitsfullt vis.
Til NRK seier han at han «inntil vidare» ikkje vil gjere noko overfor Sogndal kommune, men «vente på deira neste steg».
– Skal ikkje løna seg å byggje fyrst og søkje i etterkant
– Kva konsekvensane blir, er for tidleg å svara på, seier Åsmund Veigel Gaukstad, som er leiar plan og forvaltning i Sogndal kommune.
Til NRK karakteriserer han balansegangen mellom vern og tilrettelegging som «krevjande».
– Det er difor viktig at me får på plass ein søknad der konkrete vurderingar er gjort, som sikrar ei god handsaming av saka der me får teke stilling til dei ulike interessene og verdiane i område. På generelt grunnlag skal det ikkje løna seg å byggje fyrst og søkje i etterkant.