Lars Jakob Hiim, statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet, seier berre at forretningsstrategi er bakgrunnen for Hydro sine handlingar.
- Dette er forretningsmessige vurderingar som leiinga og styret i Hydro må gjere. Dette er ei verksemd som uansett vil gå med tap, og det er ikkje bra for systemet. Det vil truge også andre arbeidsplasser i Hydro. Det eg tykkjer er viktig er nettopp det at ein no har moglegheit for å finne anna arbeid til dei som missar jobben, seier Hiim.