Hopp til innhold

Staten skyv gasskraft-avgjerda til etter nedstenginga

Staten vil ikkje vurdere framtida til gasskraftverket på Mongstad før 1. oktober. Ein månad etter at det vert lagt ned.

NX3ukAmJe6U

AUKA PRESS: Energikrisa har auka presset på å forlengje levetida til gasskraftverket på Mongstad, som etter planen skal demonterast i slutten av månaden.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Energikrisa har auka presset på å forlengje levetida til gasskraftverket på Mongstad, som etter planen skal demonterast 30. august.

No seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at det er opp til Statnett å vurdere lagnaden til gasskraftverket.

– Dersom Statnett meiner Mongstad er viktig, vil dei foreslå dette, seier han.

Ei slik tilråding vil tidlegast kome i oktober, då Statnett har frist for å greie ut tiltak for å tryggje den norske energiforsyninga.

Denne utgreiinga vert i sin tur sendt til NVE, som skal vurdere tiltaka på vegner av departementet.

Statnett kan ikkje svare på om dei vil gi råd til departementet om å redde gasskraftverket innan dette.

– Dette er ei aktuell problemstilling som vi jobbar med. Vi kan dermed verken stadfeste eller avkrefte, seier kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett til NTB.

Statnett sende i juni eit brev til Equinor der dei spør om det framleis er formålstenleg å stengje ned gasskraftverket på Mongstad som planlagt.

Terje Aasland

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fekk onsdag brev frå fleire med oppmoding om å gripe inn.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ein skandale om gasskraftverket blir lagt ned

Dette held ikkje. Det er heilt meiningslaust å vurdere behovet for Mongstad etter at det er lagt ned, seier energipolitisk talsperson for Høgre, Nikolai Astrup.

Han legg til:

Viss Statnett står fast på at vi treng gasskraftverket på Mongstad gjennom vinteren (jf. juni-brevet, jou.anm.), så må regjeringa snarast gå i dialog med Equinor om kva som skal til for å utsetje nedstenginga av gasskraftverket. Aasland styrkjer inntrykket av ei regjering som er veldig bakpå.

Marius Arion Nilsen (Frp) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget seier det vil vere «ein skandale viss gasskraftverket på Mongstad blir lagt ned, medan den handlingslamma regjeringa ventar på ei utgreiing frå Statnett».

Han held fram:

Det vil vere vanvitig viss Noreg skulle redusere beredskapen og leggje ned eit gasskraftverk, medan andre europeiske land opnar opp sterkt forureinande kolkraftverk.

Ola Elvestuen er stortingsrepresentant for Venstre.

– Det er ingen grunn til å vente til oktober med å bestemme seg. Statnett har vore tydelege på at gasskraftverket på Mongstad bør haldast oppe som ein reserve for kraftforsyning. Statsråden må omgåande kunne ta kontakt med Statnett for å få avklart om det er det dei framleis meiner og følgje opp ut frå det, seier han.

Kostbart å starte opp att når anlegget først er demontert

Kommunikasjonsansvarleg hos Equinor Mongstad, Benedikte Fanebust Søreide, seier til avisa Nordhordland at det «vil vere teknisk mogleg», men svært kostbart å starte opp igjen med gasskraftproduksjon når anlegget først er demontert.

I eit felles opprop til Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) bad Bergen næringsråd, Nordhordland næringslag og Vestland-ordførar Jon Askeland (Sp) i førre veike om at statsråden raskt «involverer seg» og til dømes kjem opp med forslag til ei spleiseordning som gjer det meir freistande for Equinor å forlengje drifta av gasskraftverket.

Gasskraftverket har vore eit kostbart «gnagsår» for Equinor siden oppstarten i 2010.

Eit anna forslag har vore at staten – via Statnett – kjøper opp kraftverket, og driv det sjølv.

Tidlegare har også Norsk Industri, Mongstad Industripark, Sylvi Listhaug (Frp) og Nikolai Astrup (H) teke til orde for at nedstenginga av gasskraftverket på Mongstad må utsetjast av omsyn til norsk forsyningstryggleik.

Equinor-sjef Anders Opedal har vore tydeleg på at dei er eit vanleg børsnotert selskap og at forsyningssituasjonen ikkje er deira problem.

Det er ikkje er oppgåva vår å sikre straumbackupen i Noreg, sa han til NTB i førre veike.

Sylvi Listhaug kvitterte med at staten har store eigarinteresser i Equinor og at det sånn sett er «naturleg at Equinor er med på å ta ansvar for å sikre beredskapen i Noreg».

Sylvi Listhaug

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier det er «mot all fornuft» å leggje ned gasskraftverket.

Foto: William Jobling / NRK

Denne saka er for viktig til peikeleiken

SV, Raudt og MDG er glade for at gasskraftverket vert lagt ned, med grunngjevinga at forureinande gasskraftverk ikkje harmonerer med klimamåla.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har i likskap med energiministeren sagt at han førebels ikkje vil konkludere på om regjeringa skal redde Mongstad.

Baste Tveito er leiar i Nordhordland næringslag, som i førre veike bad regjeringa om å vise handlekraft.

Denne saka er for viktig til at statsministeren og andre toppleiarar i statlege og statseigde selskap kan leike peikeleiken. Eg vel å tru at nokon tek ansvar slik at dette blir avklart i god tid før 30. august, seier han.