Hopp til innhold

Staten lyser ut område for karbonlagring i Nordsjøen

Regjeringa håpar karbonlagring kan bli det nye industrieventyret i Nordsjøen, men det er usikkert kor tett dei vil samarbeide med EU.

Gassanlegget på Kollsnes i Øygarden vest for Bergen

KOLLSNES, VESTLAND: Frå ein mottaksterminal i Øygarden utanfor Bergen blir CO₂ transportert i røyr 100 kilometer ut i Nordsjøen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Energidepartementet lyser ut tre område i Nordsjøen der dei som ønsker det kan begynne å leite etter undersjøiske reservoar for å «injisere» og lagre karbon under havbotnen.

Karbonfangst og -lagring er rekna som ein kostnadseffektiv og avgjerande brikke i klimakampen, men framleis er det rimelegare for industrien å kjøpe avlat i form av kvotar og avgifter enn å fange og «gravlegge» gassen.

I dag er det derfor berre to prosjekt i drift i Europa – begge i Noreg.

Energiminister Terje Aasland håpar leiteløyva vil rokke ved den fastlåste dynamikken der dei som skal fange og dei som skal lagre gassen ventar på den andre.

Vi har jobba intenst med dette så lenge eg har vore energiminister, og vi ser nå at fleire europeiske land ser nordover for å lagre CO₂ på ein trygg måte.

Her kan vi vere ein del av klimaløysinga, seier han.

Video som forklarer hvordan Norge vil satse på karbonfangst- og lagring

Karbonfangst har eksistert sidan 70-talet og på Sleipner-feltet har Equinor «støvsoge» og lagra karbon sidan 1996. I 2021 blei det fanga 40 millionar tonn CO₂ på global basis.

Aasland presiserer at klimamålet for 2030 framleis er innan rekkevidd, trass i «innrømminga» sist veke om at kraftutbygginga ikkje går så fort som han kunne ønske seg.

Eg er heilt overtydd om vi kjem til å klare klimaforpliktingane våre, seier han.

Vi har framleis kraftoverskot, og vi er i gang med havvindutbygginga. Vi ser også at vasskraftprodusentane søker om effektoppgraderingar. Det blir kjempeviktig i åra framover.

Olje- og energiminister Terje Aasland på plattforma Njord i Norskehavet. Han har på seg ein refleksfarga kjeledress og har ein raud hjelm med øyreklokker på seg. Bak han ser vi boreriggen.

Olje- og energiminister Terje Aasland seier at forholdet mellom kraftutbygging og klimamålet ikkje er så eintydig eller lagnadstungt som «pessimistane» skal ha det til.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Nytt industrieventyr i Nordsjøen

Frå ein mottaksterminal i Øygarden utanfor Bergen blir CO₂ transportert i røyr 100 kilometer ut i Nordsjøen for permanent lagring i eit reservoar 2600 meter under havbotnen.

Prosjektet heiter Langskip og er det dyraste klimaprosjektet (19 milliardar kroner) i norsk industri nokosinne.

Fleire utanlandske karbonfangarar snuser på prosjektet, men på Stortinget er dei mest EU-vennlege partia utolmodige.

Bakgrunnen er Net Zero Industry Act (NZIA), som blei vedtatt av EUs ministerråd i mai.

NZIA er EUs svar på USAs grøne subsidie- og skattepakke Inflation Reduction Act (IRA).

Magnus Frantzen Eidsvold talsperson for Equinor ASA har mørk dress med blå skjorte briller og kort brunt hår. Han står foran en hvit vegg og ser i kamera.
Arne Reidar Mortensen

Magnus Frantzen Eidsvold, Equinor

- Dette er spennande og viktig. Jamne utlysingar og tilgang på kvalitetsareal for CO2-lagring er viktig for å fortsette arbeidet med å realisere prosjekta som vi har ambisjon om å gjere.

Olav Øye Bellona

Olav Øye, Bellona

– Det er bra at staten lyser ut fleire lisensar, men det har gått snart fire år sia Stortinget bevilga midlar til Langskip-prosjektet. Etter det har vi ikkje fått fleire beslutningar om å investere i CO2-infrastruktur, og norsk fastlandsindustri lever i uvisse om både pris og tilgang på CO2-lager. Staten må koordinere CO2-infrastruktur for smelteverk, avfallsanlegg og annan industri som treng det.

Anne Marit PostMelbye fagansvarlig for industri i Zero.
Geir Anders Rørbakken Ørslien

Anne Marit Post-Melbye, Zero

– Det er veldig bra at det blir lyst ut nye område for CO2-lagring. Nå må regjeringa samtidig få fortgang i implementeringa av Net Zero Industry Act. Det er viktig for å sikre at dei norske CO2-lagera kan konkurrere med dei europeiske. I tillegg må det på plass verkemiddel som sikrar at industrien i Noreg tar i bruk karbonfangst. Her bør det nye punktutsleppsprogrammet raskt få støtte.

Mona J. Mølnvik forskningssjef i Sintef Energi AS
Sintef

Mona Mølnvik, forskningssjef SINTEF

Dette er gode nyheiter. Det er flott at departementet lyser ut nye område. Det er viktig for aktørane å få klarheit for korleis Noreg skal kople seg på Europa og Net Zero Industry Act. Vidare må det givast tilstrekkeleg føreseielegheit og rammevilkår slik at selskapa kjem til investeringsavgjerder. Altså ei god blanding av gulrot og pisk.

Jørg Aarnes Offshore Norge

Jørg Aarnes, Offshore Norge

- Dette er svært gode nyheiter. Det at selskapa ser på CO2 lagring som ei viktig forretningsmoglegheit, og at myndigheitene er så aktive med å kunngjere område er eit klart konkurransefortrinn for Noreg. Vi har svært gode føresetnader for å lagre store mengder CO2 - permanent og trygt, men det står framleis att verkemiddelapparat for å fange og lagre CO2 for å få lønnsemd i heile verdikjeda.

Sarah Gasda

Sarah Gasda, professor ved UiB

- Det er bra at nye område for karbonlagring i Nordsjøen blir lyste ut. Erfaring frå før visast at det blir tatt fleire år å modne CO2-lagrings prosjekt. Tida går fort og vi ligg bak talet på CO2-lagrings prosjekt som trengst for å nå klimamåla. Nominasjon av nye område betyr at industri har allereie komme i gang med teknisk vurdering, eit viktig steg i rett retning.

Lars Haltbrekken Sosialistisk venstreparti
Tale Hauso

Lars Haltbrekken, SV

- Eg er glad for at regjeringa endeleg kjem med desse utlysingane. Lagring av CO2 er eit stort steg på vegen mot klimamåla, og vi må lagre store mengder klimagassar under havbotnen, viss vi skal unngå dei verste konsekvensane av klimakrisa. Dette er miljøpolitikk i praksis.

Une Bastholm ingress
Berit Roald / NTB

Une Bastholm, MDG

- På tide! Vi og Europa er avhengig av karbonfangst. Men det må aldri bli ei kvilepute mot energieffektivisering og omstilling bort frå fossilt. Utlysinga forsterkar behovet for ein marin arealplan som viser kor i norske havområde ulike interesser skal ha forrang. I dag kjempar fiskeri, olje, havvind, karbonlagring, mineralutvinning og sårbare økosystem og marine artar om dei same havområda.

Bjørn Hallvard Samset
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Bjørn Hallvard Samset, Cicero

- I dei aller fleste framskrivingane der verda klarer klimamåla i fellesskap, er vi avhengige av karbonlagring. Den finst ikkje i stor skala i dag, så eg synest det er veldig fint at Noreg tar ei leiarrolle i å utvikle slike løysingar. Vi har både kunnskapen, ressursane og naturområda som trengst.

Ole-Johan Faret

Ole-Johan Faret, Aker BP

- Vi er generelt positive til at myndigheitene opnar nye område for lagring av CO2 på norsk sokkel. Aker BP er engasjert i CCS, blant anna som operatør for Poseidon (lisens EXL005) som blei tildelt i 2023. Vi har også søkt på areal som myndigheitene kunngjorde tidlegare i år

Anders Hammer Strømman

Anders Hammer Strømman, NTNU

- Om vi lèt dagens fossile energisystem bestå ut si økonomiske levetid, utan noko etterinstallasjon av CCS, så vil dette eine og aleine ete opp karbonbudsjettet for ein og ei halv grad. Samtidig så ser vi at installasjonsraten av CCS system er langt lågare enn i scenarioa som når 1.5 eller 2 grader. Tiltak som mogleggjer auka bruk av CCS er derfor rett og viktige.

Ove Trellevik
Bård Siem

Ove Trellevik, Høgre

- Ei satsing på gass, karbonfangst og blått hydrogen er ein vinn-vinn løysing vi ikkje har råd til å avskrive, både av omsyn til klima og europeisk energisikkerheit.

Magnus Holger Obrestad Stenroos

Magnus Holger Obrestad Stenroos, Natur og Ungdom

- Vi er positive til industri som vil bidra til klimaløysingar, og karbonfangst kan vere ein nyttig del av dette. Likevel er det viktigaste å kutte utslepp i dei utsleppstunge sektorane. Karbonfangst kan ikkje vere ei unnskyldning for forlenge levealderen til olje og gass. Vi heiar på karbonfangst som ei løysing for utsleppa som blir igjen etter ei omstilling, ikkje som ei løysing for å unngå ho.

Omar SvendsenYagci
Privat

Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

- Det er heilt avgjerande at vi bygger fleire anlegg for karbonfangst og -lagring for å nå klimamåla. Likevel prøver energiministeren å føre oss bak lyset når han påstår at klimamåla er «innan rekkevidde». Når det er rimelegare for industrien å betale for kvotar og avgifter enn å lagre CO2 er noko alvorleg gale med marknaden, og regjeringa har eit ansvar for å omstille økonomien.

Den nye EU-planen pålegg europeiske olje- og gasselskap å bygge opp ein kapasitet for lagring av 50 millionar tonn CO₂ årleg innan 2030.

Om Noreg blir med på «dugnaden», inneber det at fleire norske olje- og gasselskap blir nøydde til å bygge opp CO2-lager på norsk sokkel (ikkje berre Equinor).

Men det er framleis uvisst.

Vi håpar å ferdigstille denne vurderinga innan kort tid, sa næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i mai.

Ikkje godt nok, hevdar Høgre, som i lang tid har etterlyst «tydelegare signal frå regjeringa om at dette er noko dei prioriterer høgt».

Sleipner

Den teoretiske kapasiteten for karbonlagring på norsk sokkel er berekna til 80 milliardar tonn. Ifølge berekningar frå Equinor må verda fange 40 gonger så mykje CO₂ som det vi gjer i dag. På Sleipner-feltet har Equinor «støvsoge» og lagra karbon sidan 1996.

Da «Langskip» blei lansert i 2020, var Tina Bru (H) olje- og energiminister.

At Høgre seier det, det forundrar meg eigentleg, seier Aasland til NRK.

Han viser til at det har skjedd mykje «sidan Høgre sat og styrte landet» og at Noreg i mellomtida har inngått samarbeidsavtalar om karbonlagring med fleire europeiske land.

Dette kan bli ei ny og viktig industrigrein for Noreg, seier han.

Derfor har vi gira om.

Sjå korleis Langskip skal verke i grafikken under.

CO2 fanges på et søppelanlegg i Oslo, og ved en sementfabrikk i Porsgrunn.
Den lastes over på et spesiallaget CO2-skip.
Skipet seiler til Øygarden utenfor Bergen.
Her losses CO2-en over på noen tanker.
CO2-en fraktes i rør 110 km ut i Nordsjøen.
Før den begraves 2700 meter under havbunnen.
Hvert år vil det seile 183 skip med CO2 til Øygarden.
Hvis Nordsjøen blir Europas CO2-lager vil opp mot 5000 skip ankomme Vestlandet hvert år.

Les også Den gigantiske norske klimaløsningen - livsviktig og kanskje helt umulig

Klemetsrud