Hopp til innhold

Wibeke har hòl i CV-en – staten vil ha fleire som ho

Regjeringa ligg langt bak eigne mål om å tilsette personar med nedsett funksjonsevne. Handikapforbundet har lite sans for måten staten rekrutterer på.

Wibeke Berge

PÅ JOBB: Wibeke Berge har fått eit engasjement i arkivet til Statsforvaltaren i Vestland. Ho har nedsett funksjonsevne, og har også vore ute av jobb i halvtanna år.

Foto: Privat

– Eg elskar å jobba. Litt av utfordringa er at hovudet vil, mens kroppen ikkje vil. Dei siste åra eg jobba, låg eg stort sett på sofaen etter jobb. Eg greidde ikkje noko anna, seier Wibeke Berge.

Sidan 2015 har ein langtidsskade gjort at ho har vore litt inne i, men aller mest ute av arbeidslivet. Hausten 2019 vart Berge heilt arbeidsledig.

Ho er erklært 60 prosent ufør og dermed har nedsett funksjonsevne. No har Berge fått ei halv stilling hjå Statsforvaltaren i Vestland.

– Eg er veldig, veldig takknemleg og glad for å vera ute i arbeidslivet att. Eg håpar eg har funne den gode balansen mellom å jobba litt, og ha eit godt liv på fritida, seier ho.

– Må gjerast meir arbeid

Berge er ein av dei som tel med i statistikken i det som kallast for inkluderingsdugnaden.

Det er namnet på arbeidet regjeringa gjer for å få dei med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i jobb.

Dei har sett som mål at 5 prosent av dei nytilsette i staten skal vera i denne målgruppa.

Det målet var dei langt frå å nå i fjor.

Tala for i fjor viser at 333 av 16.359 nytilsette i staten var i målgruppa til inkluderingsdugnaden. Det svarar til 2 prosent, og er ein nedgang frå 2,2 prosent i 2019.

– Her må det gjerast meir arbeid. I åra som kjem har me ikkje råd til at folk som kan og vil jobba står utanfor arbeidslivet, konstaterer kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Møte i kontaktutvalget for partene i arbeidslivet. Nikolai Astrup.

– IKKJE VELGJERDSARBEID: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) meiner inkluderingsdugnaden ikkje er velgjerdsarbeid.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I så stor grad greidde departementa måla i inkluderingsdugnaden

Tal tilsetjingar

Totalt

Statsministerens kontor

Arbeids- og sosialdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kulturdepartementet

Finansdepartementet

Landbruks- og matdepartementet

Klima- og miljødepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet

Samferdseldepartementet

Barne- og familiedepartementet

Justisdepartementet

Forsvarsdepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet

Olje- og energidepartementet

Kunnskapsdepartementet

Utenriksdepartementet

Totalt

16359

16

2383

707

140

864

213

171

436

345

605

2186

1146

301

90

6616

140

I målgruppa

333

1

119

27

5

23

5

4

10

6

10

36

16

4

1

66

0

Del i målgruppa i prosent

2,0

6,3

5,0

3,8

3,6

2,7

2,3

2,3

2,3

1,7

1,7

1,6

1,4

1,3

1,1

1,0

0

Vil ikkje ha nokon dugnad

Derimot er Norges handikapforbund ueinig i regjeringa sin «inkluderingsdugnad».

– Ein seier at ein skal ha tak i funksjonshemma på jobb for staten, og det skal gjerast på dugnad. Me kan ikkje berre henta merkelappane til folk og plassera dei inn på jobb. Det veit me at ikkje fungerer, seier Tove Linnea Brandvik. Ho er leiar i Norges handikapforbund.

Me har bedt regjeringa skrota den heile vegen.

Ho meiner ein i staden bør tenkja motsett, og sørgja for at arbeidsplassane er tilrettelagde for at dei som har kompetansen, kan gjera jobben dei har.

– Når ein tilsett arbeidstakarar, ynskjer ein arbeidstakarar som gjer ein jobb. Då leitar ein etter kompetansen, ikkje funksjonsnedsetjinga dei har, seier Brandvik.

Tove Linnea Brandvik, styreleder SAFO

VIL SKROTA: Tove Linnea Brandvik, leiar i Norges handikapforbund, vil ikkje

Foto: Norges Handikapforbund

– Ser på folk som ressursar

Kommunal- og moderniseringsministeren meiner det ikkje er så viktig om ein kallar arbeidet staten gjer for inkludering for ein dugnad eller ikkje.

– Me må ikkje tenkja på dette som velgjerdsarbeid. Det handlar om å nytta seg av dei ressursane som er i samfunnet, seier Astrup.

Det er også nøkkelen til Statsforvaltaren i Vestland, som i fjor tilsette 35 nye, fire av desse med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, og dermed ligg langt over landsgjennomsnittet.

– Me ser folk som ressursar. Det er difor me får dette til, seier fungerande statsforvaltar i Vestland, Gunnar Hæreid.

Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann

IKKJE HOKUS POKUS: Fungerande statsforvaltar Gunnar Hæreid fortel at dei straks skal tilsetja to utanlandske juristar som har slite med å koma seg inn på arbeidsmarknaden fordi dei ikkje har formell kompetanse som juristar i Noreg.

Foto: Kaia Viki / NRK