Hopp til innhold

Staten klarar ikkje å bestemme seg for om Vetle er student eller ikkje

Ny regel har fanga Vetle Barli (27) mellom student- og yrkeslivet. Opposisjonen varslar oppvask om regjeringa ikkje straks tek grep.

Vetle Barli

LIMBO: Staten reknar ikkje Vetle Barli (27) som ferdig utdanna, men studentlisens får han ikkje.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ved nyttår kom Vetle Barli (27) heim til Noreg etter medisinstudia i Danmark.

Heime i Levanger sto sjukehuset klare med eit jobbtilbod.

Det var berre eitt problem: Han får ikkje lisens.

Bakgrunnen er regelendringa frå 2019 som definerer den danske praksistenesta (KBU) som ein del av grunnutdanninga, og at denne ikkje kan erstatte norsk turnusteneste (sjå faktaboks).

Barli søkte difor om mellombels lisens. Om staten ikkje gjekk med på at han var ferdig utdanna, sjølv om han hadde «A-autorisasjon» frå Danmark, kunne han nytte seg av ein «studentlisens».

Men då var svaret frå Helsedirektoratet at det kunne han ikkje – fordi han ikkje lenger var student.

Eg har i praksis fått yrkesforbod, seier Vetle.

Enn så lenge er han difor «fanga i limbo». Er han uteksaminert eller ikkje – eller begge delar? – og når kan han starte å arbeide?

Før var det som ein motorveg. Du tok utdanninga i Danmark og starta i turnusteneste heime i Noreg, seier Barli.

No er denne vegen øydelagt.

NRK forklarer

Dette er nytt

Dette er nytt

Kan få autorisasjon uten praksis

  • Danskutdannede leger som ikke har gjennomført turnus i Danmark kan nå bli vurdert om de kvalifiserer for autorisasjon i Norge.
  • Denne vurderingen vil bli gjort ut fra helsepersonellovens regler, som også søkere som har utdanning fra utenfor EU vurderes etter.
  • Dermed sammenlignes søkerens utdanning med den norske for å vurdere om den er jevngod, eller om søkeren har nødvendig kyndighet

Kilde: Helsedirektoratet

Dette er nytt

Før endringene

  • Før endringene i autorisasjonspraksis, var det krav at man har måttet fullføre den danske utdanningen inkludert praksisåret (KBU) og oppnå full rett til å utøve yrket selvstendig i Danmark, før man kan få norsk autorisasjon.
  • Da var det ikke behov for noen gjennomgang av innholdet i den danske utdanningen.

Kilde: Helsedirektoratet

Dette er nytt

Må gå gjennom hver enkelt søknad

  • Helsedepartementet går nå gjennom alt innholdet i den utdanningen hver enkelt søker har, og vurderer om den er jevngod med den norske legeutdanningen.
  • Selv om disse søkerne uteksamineres fra Danmark, har ikke nødvendigvis alle den samme utdanningen.
  • Flere av søkerne har f.eks. en bachelor i medisin fra et annet land og har siden blitt tatt opp ved et dansk universitet for å ta den siste delen av utdanningen.

Kilde: Helsedirektoratet

Dette er nytt

Får ikke svar før i februar

  • Helsedirektoratet har nettopp varslet at saksbehandlingen blir forlenget til slutten av februar 2022.
  • Da har det gått nesten åtte måneder siden søknadene ble sendt.

Kilde: Helsedirektoratet

Støre: Vi må ha fleire unge legar

NRK har vore i kontakt med Helsedirektoratet. For augneblinken handsamar dei 40 søknadar om autorisasjon frå norske medisinstudentar.

Helsedirektoratet opna for å gje autorisasjon til personer med helsefaglig utdanning frå Danmark/Storbritannia i juli, men har ikkje klart å overhalde sin eigen svarfrist på tre månader.

Snuoperasjonen kom etter eit forslag frå Nicholas Wilkinson (SV) i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har tidlegare presisert at «det ikkje er tvil om kvaliteten på dei danske medisinutdanningane».

NRK har skrive om effekten av det nye turnuskravet i ein serie artiklar.

I januar melde Helsedepartementet at dei ikkje vil reversere regelendringa frå 2019, men at dei vil «møte dei medisinske fakulteta slik at vi kan få på plass eit opplegg som raskt kan sikre at det vert gjennomført faglege vurderingar av utdanningane.»

Statsminister Jonas Gahr Støre uttalte seg om fastlegemangelen i NRK Ukeslutt sist laurdag.

Vi må rekruttere fleire unge legar, sa han, og la til:

Men det er mykje å gjere, og vi klarer ikkje alt på hundre dagar.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

ERKJENNER MANGEL: – Det er mykje å gjere, og vi klarer ikkje alt på hundre dagar, seier Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Jørn Tveter / NRK

Meiningslaus bruk av tid og kapasitet

I mellomtida vert opposisjonen stadig meit utålmodig.

Måndag sende Venstre-representant Alfred Bjørlo skriftleg spørsmål til Helseministeren der han ber henne vurdere løysinga som Legeforeninga og Medisinstudentforeninga har skissert.

Dei har føreslått ei løysing som går ut på at staten godkjenner læringsmål i LIS1 basert på oppnådd kompetanse i den tilsvarande danske delen av legeutdanninga (KBU), og at dei attverande læringsmåla blir gjennomført ved at dei det gjeld søker rett på LIS2/3.

Det er sjølvsagt rett og nødvendig å setje strenge utdannings- og kompetansekrav til legar som skal praktisere i Noreg. Det verkar likevel til å vere brei semje om at den danske legeutdanninga er av høg kvalitet og i stor grad lik den norske. Då er det meiningslaus bruk av tid og kapasitet med full norsk turnus på toppen av dette, seier Bjørlo.

Om svaret frå Helseministeren er negativt, vil Venstre fremje eit såkalla Dok8-forslag i Stortinget i løpet av februar.

– SV støtter løysinga til Legeforeninga og Medisinstudentforeninga. Vi står i ein utfordrande situasjon. Da er det meiningslaust å pålegge legar dobbelpraksis. Vi trenger alle mann på dekk, seier Marian Hussein, helsepolitisk talsperson i SV.

Dette er ei sak vi bør kunne endre på, seier KrF-leiar Olaug Bollestad.

Olaug Vervik Bollestad

ENDRING KAN SKJE: – Dette er ei sak vi bør kunne endre på, seier leiar i KrF, Olaug Bollestad.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Unødvendig stivbeint

Eg er glad for at fleire parti no vaknar, seier stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Silje Hjemdal.

Ho har stilt spørsmål til helse- og omsorgsministeren i fleire rundar, sist 30. januar, der ho kallar det nye regelverket «unødvendig stivbeint» og ber helseministeren gjere greie for korleis dei nye krava er vurdert opp mot EØS-retten.

Hilde Ellingsen, ekspert i EØS-rett, er blant dei som har stilt spørsmål ved om turnuskravet harmonerer med EØS-avtalen om dei fire fridomar.

Det er dei reelle kvalifikasjonane til søkaren som skal leggjast til grunn, uavhengig av formelle merkelappar, sa ho til NRK 24. januar.

NRK har og vore i kontakt med ANSA (Samskipnaden for norske studentar i utlandet).

Vi forventar at regjeringa presenterer ei løysing på problemet, seier president i ANSA, Sebastian Hytten.

Helse- og omsorgsdepartementet seier til NRK at dei vil svare på spørsmåla frå stortingsrepresentantane før dei svarar NRK.