Hopp til innhold

Staten knuser gardsdraumen til Endre – gav avslag utan å sjå på garden

Det unge paret vil gjera om beiteområdet sitt til slåttemark for å realisera gardsdraumen. Folgefonna nasjonalparkstyre gav tommel opp, men staten sa nei – utan å vitja garden.

Endre Mehl i Hattebergsdalen landskapsvernområde.

USIKKERT: Endre Mehl og sambuaren treng meir fôr om dei skal satsa på garden, og ønskjer å bruka beiteområdet sitt.

Foto: Tale Hauso / NRK

I Rosendal lika ovanfor Baroniet ligg eit lite småbruk. Under Folgefonna og mektige fjell ønskjer Endre Mehl (28) og sambuaren Målfrid (21) å overta og utvida drifta og satsa på avl og kjøtproduksjon av kyr.

– Om dette skal vera drivverdig for oss, er vi veldig avhengig av meir dyrka jord og meir grovfôr om vinteren, seier Mehl.

Dei og fleire unge bønder i Kvinnherad ønskjer å satsa på gardsdraumen. I Rosendal er det mange gardsbruk, men lite tilgjengeleg slåttemark.

Men paret har eit beiteområde ovanfor garden som dei ønskjer å bruka.

Utfordringa er at det ligg i Hattebergsdalen landskapsvernområde.

Verneforskrifta vart vedteke i 2005, der det mellom anna står at nydyrking ikkje er lov i området.

Hattebergsdalen

GJERDET MELLOM JA OG NEI: Naboen har slåttemark på eine sida av gjerdet. No ønskjer Mehl å dyrka på andre sida.

Foto: Tale Hauso / NRK

Andre bønder driv innanfor verneområdet

Kvinnherad kommune og Folgefonna nasjonalparkstyre har gjort grundige vurderingar med synfaring. Dei meiner det ikkje går ut over verneinteressene og har gitt tommel opp.

I dag er det slåttemark som andre bønder disponerer innanfor det verna området, men dette var på plass før verneforskrifta kom.

– Det vil ikkje bli nemneverdige terrengforandringar, for vi skal tilpassa terrenget. Det er målet, om vi hadde fått lov, seier Mehl.

Hattebergsdalen ligg i Rosendal i Kvinnherad.

Hans Inge Myrvold, ordførar Kvinnherad kommune (Sp)

URIMELEG: Ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold reagerer på avslaget frå Statsforvaltaren i Vestland og frå Miljødirektoratet.

Foto: Tale Hauso / NRK

Avslag på søknad

For no kan draumen vera knust. Etter avslag på framtidsplanane både frå Statsforvaltaren i Vestland og frå Miljødirektoratet.

Ordførar i Kvinnherad og nestleiar i Folgefonna nasjonalparkstyre, Hans Inge Myrvold (Sp), reagerer på avslaget og meiner det er urimeleg.

Han er irritert over at staten overser det lokale sjølvstyret.

– Eg er overraska over at dei frå eit kontor, utan å tatt dette i sitt syn, svarar så bombastisk og underkjenner vedtaket frå styret i nasjonalparken.

Han meiner det har blitt gjort eit godt arbeid med synfaringar og dialog med grunneigarane på korleis ein skal sørga for å balansera saka på ein god måte.

Hattebergsdalen landskapsvernområde

UNDER FOLGEFONNA: Hattebergsdalen er eit verna landskapsområde.

Foto: Tale Hauso / NRK

Skapt reaksjonar

Avslaget har skapt reaksjonar på Stortinget. Ruth Grung, stortingsrepresentant (Ap) i Energi- og miljøkomiteen har stilt spørsmål om saka til klima- og miljøministeren og meiner det er eit overgrep mot lokalt sjølvstyre.

– Eg meiner saka er veldig godt løyst av lokaldemokratiet. Eg forstår ikkje kvifor staten skal gå inn og overprøva, seier Grung.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) står fast ved avslaget til Miljødirektoratet.

Seksjonsleiar Knut Fossum i direktoratet viser til forskrifta.

– Eg forstår at nasjonalparkstyret her har hatt ein grundig prosess. Likevel meiner vi at det innanfor rammene av verneforskrifta ikkje er rett å gje løyve til eit slikt tiltak.

Direktoratet meiner dei har god nok informasjon til å ta ei avgjerd utan å dra på synfaring.

Ordføraren i Kvinnherad har no likevel sendt brev til Statsforvaltaren i Vestland og miljøministeren med open invitasjon om synfaring i Hattebergsdalen.

Endre Mehl

FRYKTAR ATTGROING: Her på beiteområdet sitt ønskar Endre Mehl å nydyrka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Usikker på framtida

Endre Mehl er redd slike avslag kan føra til attgroing, og at kjenneteiknet til dalen med det opne kulturlandskapet etter kvart forsvinn.

No er han usikker på framtida, for både han og sambuaren og for framtidige generasjonar.

– Eg tenkjer det er veldig synd, seier han.