Hopp til innhold

Ville dyr blir avliva fordi staten betalar for lite

Om du finn eit skada, vilt dyr og vil pleie det, må du starte hos dyrlegen. Men staten dekker så lite av rekninga at dyrlegen ofte berre har eitt val: Avliving.

Skada spurvehauk får hjelp av veterinær Caroline Holtet på Anicura dyreklinikk på Grunerløkka

Denne spurvehauken skulle vore død, om det var opp til staten.

Foto: Privat

Det er staten sitt ansvar å beskytte vår ville, norske natur og dyra som bur der. Blir dyra skada, er det ofte berre litt behandling og omsorg som skal til.

Men slikt kostar pengar hos veterinæren meir pengar enn staten er villig til å dekke.

Per Christian Bye, veterinær og dagleg leiar i Vestmar dyreklinikk

Veterinær Per Christian Bye meiner staten krev at dei jobbar gratis.

Foto: Privat

Klinikken går i tap straks ville dyr kjem inn på kontoret, vi får knapt dekka utgifter til avliving, seier veterinær og dagleg leiar hos Vestmar dyreklinikk, Per Christian Bye.

Også mange frivillige dyrehjelparar reagerer på hyppig avliving. I NRK-serien «Villdyrhjerte» gjer dei alt for å redde ville dyr som er skada.

Risikabelt

I 2012 slo Stortinget fast at verdien til ville dyr var 690 kroner. Det var summen veterinærar skulle få for å avlive skada, ville dyr, eller gje enkel behandling.

Det får veterinæren til å fnyse.

Det finst ikkje enkel behandling, berre det å fylle ut skjema tek ein halvtime. Alt då er vi i minus. Så må vi stille diagnose, for feilbehandling er straffbart for oss.

I tillegg til røntgen og blodprøvar kjem kostnadar til medisin, desinfisering og reingjering av behandlingsrom.

Veterinær Per Christian Bye behandlar ein hund på Vestmar dyreklinikk.

Veterinær Per Christian Bye er kritisk til statens handtering av ville dyr.

Foto: Privat

– Ville dyr kan ha mange infeksjonar, men du kan berre gløyme å teste for noko på statens rekning. Det er berre flaks at vi ikkje har ukontrollerbare dyresjukdommar.

Sosial dumping

Summen staten tilbyr veterinærar har ikkje vore regulert opp sidan 2012, og dekker ikkje eingong dei 10-15 minutta undersøkinga tar.

Men sjølv om veterinærane tapar pengar, kan dei ikkje nekte å ta imot ville dyr. For då bryt dei dyrehelsepersonellova.

– Staten driv sosial dumping av oss veterinærar. Den einaste måten vi kan gjere vår lovpålagde plikt til å yte hjelp, er at vi tar det på eiga kappe. Vi får ikkje dekka dei faktiske kostnadane, seier Bye.

Utydeleg regel

Det er godt kjent blant veterinærar at Mattilsynet dekker avlivingskostnadar på 690 kroner, men ikkje at summen heller kan brukast til behandling.

– Det er heilt ukjent for meg! Eg trur veterinærar mykje oftare hadde gitt behandling i staden for avliving dersom dette var kjent, seier veterinær Caroline Holtet i Anicura dyreklinikk på Grunerløkka.

Veterinær Caroline Holtet undersøker katt på Anicura dyreklinikk på Grunerløkka.

Veterinær Caroline Holtet undersøker katt på Anicura dyreklinikk på Grunerløkka. Ho steller ofte ville dyr privat.

Foto: Privat

Ho finn ikkje informasjon på nettet om kva slags behandling eller sum som blir akseptert.

– Vi veterinærar blir drilla på å sende refusjonssøknad for avliving, det blir nemnt veldig mange plassar, vi styrast mot det.

Veterinær Caroline Holtet på Anicura dyreklinikk steller såret til ein hønsehauk

Caroline Holtet steller såret til ein spurvehauk, som var frisk etter ti dagars pleie heime hos veterinæren.

Foto: Privat

Holtet fryktar dei kan få avslag på søknad om refusjon dersom behandlinga ikkje er enkel nok, og at det kan skape uvilje blant veterinærar til å behandle i staden for å avlive.

Ønsker ny ordning

Det er Mattilsynet som behandlar søknadar om godtgjering for behandling av ville dyr. Seksjonssjef for dyrevelferd, Torunn Knævelsrud, innrømmer at satsane er for låge.

– Eg kan forstå at veterinærar reagerer, beløpet er jo ikkje oppjustert på 10 år.

Mattilsynet kontakta Mat- og landbruksdepartementet for nokre år sidan, og foreslo ei ny ordning med automatiske oppjusteringar.

– Vi har ikkje høyrt noko frå dei enno, seier Knævelsrud.

Torunn Knævelsrud er seksjonssjef for dyrevelferd ved hovudkontoret til Mattilsynet.

Torunn Knævelsrud ved Mattilsynet seier veterinærar alltid oppfyller naudhjelpsplikta om dei avlivar skada dyr.

Foto: Mattilsynet

Ho seier ordninga finst for å sikre at dyr ikkje skal lide unødig. Derfor dekker dei nødvendig avliving, eller medisinar og utstyr som trengst for å kunne fjerne tau rundt foten og slikt.

Men så skal dyret kunne klare seg sjølv.

– Rehabilitering dekkast ikkje av Mattilsynet i det heile tatt. Ordninga gjeld berre for det veterinæren kan gjere der og då, som er nok til at dyret kan settast ut att i det fri, seier Knævelsrud.

Pengar til private

Mattilsynet opplyser at også private kan få refundert enkelte utgifter når dei oppfyller hjelpeplikta i dyrevelferdslova.

– Om du til dømes køyrer eit skada, vilt dyr til veterinær og får bilen tilgrisa av blod eller øydelegg kleda dine, har du rett på refusjon gjennom eigen søknad til oss.

Ho meiner det er flott at folk ønsker å hjelpe, men minner om at det er vondt for ville dyr å vere i fangenskap, tett på menneske, og at avliving kan vere betre dyrevelferd.

– Vi skal no diskutere om vi bør gå ut med klargjering av reglane både til veterinærar, folk flest og våre eigne Mattilsynskontor, seier Knævelsrud.