Startar vegarbeidet i Damsgårdstunnelen: – Det blir utfordrande
Måndag kveld startar oppgradering av rv. 555 Damsgårdstunnelen, melder Vegtrafikksentralen.
– Me skal oppgradera heile tunnelen for å heva tryggleiksnivået, seier byggeleiar for prosjektet, Ruben Onarheim i Statens vegvesen. Han forklarar at dei skal byta ut alt av teknisk utstyr både inni og utanfor tunnelen.
– Utstyret er gamalt og slite, og langt over levetida det har.
Den 30 år gamle tunnelen stengjer i retning vest klokka 20.00. Omkøyringsveg blir skilta og er E39 Fjøsangerveien – fv. 556 Straumeveien – fv. 574 Bjørgeveien og fv. 557 Knappetunnelen.
Arbeidet vil halda på i over to år og vil få store konsekvensar for trafikken til og frå Sotra, Askøy og Bergen Vest.
– Me oppmodar alle til å tilpassa køyringa til dei tidene tunnelen er open eller velja kollektivt. Om du må ut å køyra i det tidsrommet må du berekna god tid og følgja skilta omkøyringsveg, seier Onarheim.
– Det er ikkje til å leggja skjul på at det kjem til å bli utfordrande og det kjem til å bli kø.