Startar valkampen med Skåla Opp

Senterpartiet i fylket startar i dag valkampen ved å gå Skåla opp.

Skålatårnet
Foto: Sabine Exner

I dag klokka 12 startar dei fleste politiske partia i fylket valkampen. Valkampen har vore utsett grunna terrorangrepa i Oslo og på Utøya.

Det er venta å bli ein annleis og meir dempa valkamp, og dei som starar i dag gjer det med stands.

Går Skåla opp

Jenny Følling
Foto: Ole Johannes Øvretveit / NRK

Senterpartiet har sin eigen vri på valkampopninga. Førstekandidat Jenny Følling opnar valkampen med å gå Skåla opp.

- Valkampen startar med eit trist bakteppe. Så vi har tenkt å starte med ein fjelltur der vi kan gå i lag. Der vi har tid til refleksjon over det som har skjedd, men og tid til å tenke framvover, og på at vi skal ha ein valkkamp der det skal handle om dei lokale sakene, og det som er viktig for dei som bur i kommunane.