Startar søk etter sakna mann

Politiet startar i dag søk etter ein mann på Hardangervidda. Mannen i 40-åra skulle på ein lengre fjelltur laurdag, og pårørande varsla politiet då dei ikkje fekk kontakt med mannen. – Vi har gjort undersøkingar, og startar søk i dag. Frivillig leitemannskap vert også kopla inn, fortel operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt.