Startar rekruttering til rusposten

Styret i Helse Førde har bedt styreleiar Clara Øberg kontakte Helse Vest for å få starte rekruttering av tilsette til rusposten på Nordfjordeid.

Den nybygde rusposten har stått tom i to år på grunn av pengemangel. No håpar Helse Førde å få starta opp tilbodet innan nyttår.

Styeleiar Clara Øberg seier signalet er viktig overfor Helse Førde sine tilsette. Ho viser til at dei samstundes som ein skal nedbemanne føde og ortopedi, også skal oppbemanne.