Startar brettspelforeining i Florø

Trass i at kvardagen vår blir stadig meir digital, er det nokre handfaste tradisjonar som aldri døyr ut. For kva kan vel skape meir glede, fortviling, sinne og engasjement enn å samlast i godt lag rundt eit brettspel?

Torgeir Pedersen Hindøy og Sebastian Crescenti

BRETTSPELFOREINING: Torgeir Pedersen Hindøy og Sebastian Crescenti kjempar om heider og ære i spelet Rummikub.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

I Florø skipa to karar likså godt ei eiga speleforeining.

Kinn spelforeining er ein stad for oss der vi kan møte andre som er interesserte i spel, seier Torgeir Pedersen Hindøy.

Då han studerte i Bergen var speleforeininga til studenforeininga ein plass der han møtte likesinna og treivst godt. Der var folk frå alle fakultet og mange utvekslingsstudentar. Ein slik møtestad var også noko av det han sakna mest då han flytte frå Bergen igjen.

– Det å kunne kome inn ein stad, der det ikkje er stilt noko forventningar til deg, og du berre kan finne deg eit brettspel i hylla. Det er eigentleg det vi er på jakt etter no også, finne likesinna som er på jakt etter den same greia, seier Hindøy.

Over all forventning

Første kvelden var dei to spelentusiastane forsiktige optimistar. Kanskje kunne dei møte ein eller to likesinna.

– I staden kom 16 stykk. Vi sat på fleire bord. Folk hadde det hyggeleg og såg ut til å like konseptet, seier Hindøy.

– Eg hadde på førehand vore i kontakt med frivilligsentralen i Florø og med biblioteket på samfunnshuset slik at vi kunne vere der. Når vi såg at det berre kom fleire og fleire så var det berre kjempehyggeleg, seier tyske Sebastian Crescenti.

Han har likt brettspel sidan han var liten og var alltid den i familien som om kveldane maste om at dei skulle spele noko.

– Eg har hatt mange hyggelege timar med spel, og når vi no byrja med dette så tenkte eg, eg har tid til overs akkurat no så kvifor ikkje prøve, seier Crescenti.

Fin måte å bli kjent på

Når dei to spelentusiastane kjem i studio til NRK for å fortelje om dei nye speleforeininga har dei sjølvsagt med seg spel. Valet denne gongen har falle Rummikub som er eit populært spel i Sentral-Europa. Det var også spelet som Hindøy brukte då han skulle verte kjent med den nederlandske svigerfamilien sin.

– Eg tykkjer dette er eit kjekt spel. Når du kanskje er litt sjenert slik som eg, så er det flott å ha eit slikt medium mellom deg sjølv og andre for å bryte isen. Det hjelpte meg mykje, og det gjer det framleis, seier Hindøy.