Hopp til innhold

Står utan spor etter sakna 22-åring

Leitinga etter den sakna Pavol Ivancik (22) held fram med full styrke fredag føremiddag. I alt saumfer 24 personar frå Sivilforsvaret og Røde Kors og fire redningshundar Svelgen sentrum og det næraste omlandet.

Pavol Ivancik leiteaksjon Svelgen

SAKNA: Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske redningshundar vil i dag blant anna gjere finsøk i same området som dei søkte i torsdag.

Foto: Privat / Røde Kors

Politiet har framleis ingen teoriar om kvar den sakna 22-åringen kan vere. Oppmodinga til folk i Svelgen om å melde inn tips og sjekke uthus og hagar, har heller ikkje gitt resultat.

Lensmann Espen Gulliksen seier det har kome inn nokre tips og meldingar om observasjonar. Men så langt har ikkje dette ført politiet nærare eit svar på kvar Ivancik kan vere.

Det er ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt.

– Vi står heilt utan spor. Vi har sjekka ut tomme hus, vi har søkt i terrenget og i vatn, seier Gulliksen.

Resultatlaust helikoptersøk

Ivancik har vore sakna frå heimen på Langeneset i Svelgen sidan 15-tida tysdag. Onsdag kveld vart han meldt sakna av familien. Det vart då starta ein større leiteaksjon i og rundt bustadfeltet og innover mot sentrum i Svelgen.

Torsdag vart det sett inn redningshelikopter i søket, saman med mannskap frå Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske redningshundar. Men verken søket frå lufta eller på bakken gav resultat. Natt til fredag var mannskap frå Sivilforsvaret ute og leita, men heller ikkje dei fann noko.

Finsøk i same område

Det er førebels ikkje avgjort om det skal setjast inn helikopter i søket fredag.

– I dag vil vi gjere finsøk i stort sett dei same områda som vi gjorde grovsøk i torsdag, i tillegg til at vi også vil søke i nokre nye område, forklarar Gulliksen.

Ivancik skal vere kring 175–178 centimeter høg og blir av politiet skildra som slank/tynn. Han har lyst brunt hår og er truleg kledd i ein svart/mørk grå hettegenser, blå dongeri og blå sko med kvite lisser.