Hopp til innhold

Står utan klubb etter vellukka proffspel

Lars Fredrik Tvinde er nøgd med sitt første år som volleyballproff på Kypros.

Lars Fredrik Tvinde

FORLET KYPROS: Lars Fredrik Tvinde vil vidare i proffkarrieren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det har vore ei god erfaring å ta med seg vidare. Eg er nøgd med eigen innsats og utvikling, og sportsleg gjekk det heilt greitt, seier Tvinde.

Han reiste frå Førde for å leve som proff på Kypros framfor årets sesong. Saman med dei andre spelarane på Pafiakos enda han på fjerdeplass i grunnspelet i serien, og cupeventyret enda i kvartfinalen.

– Vi møtte eit veldig godt lag. Hadde vi ikkje tapt kvartfinalen, hadde vi nok spelt oss fram til finalen, seier Tvinde.

Pafiakos

PÅ FJERDEPLASS: Laget til Tvinde, Pafiakos, gjorde det bra i årets serie.

Foto: Pafiakos

Vil ta eitt steg opp

No står han utan kontrakt, men er ikkje interessert i å halde fram på Pafiakos. Skal han halde fram profflivet, ønskjer han å ta steget minst eitt nivå opp. I tida framover vil han kartleggje kva moglegheiter han har til å få kontrakt i ein større liga.

– Neste steg må vere i rett retning. Eg kunne tenkje meg å spele i Belgia, Tyskland eller Frankrike. Det blir spennande å sjå kva som skjer, seier Tvinde.