Hopp til innhold

Dei raida museet på under to minutt - kan bli dømde etter mafiaparagrafen

Måndag må seks menn møte på tiltalebenken etter sjokkbrekket mot Kina-kunstsamlinga i Bergen. Berre to personar deltok i sjølve innbrotet, men påtalemakta tek i bruk «mafiaparagrafen» og vil ha alle dømt for kunsttjuveriet.

Tyveri fra kinasamlingen

HER FORSVINN KUNSTEN: Foto frå overvakingskamera viser ein målretta gjerningsmann på veg ut av kinakunst-samlinga i Bergen.

Foto: Politiet

De stjålne gjenstandene fra Kinasamlingen

BORTE: Dette er nokre av gjenstandane som vart stole frå kinasamlinga.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

23 sjeldne kinesiske kunstverk forsvann ut dørene på Vestlandske kunstindustrimuseum natt til laurdag 5. januar i år.

Overvakingsbileta viste to gjerningsmenn som målretta tok seg inn i ei av Europas største og eldste samlingar av kinesisk kunst. Fire andre menn skal på same tid ha sett bilar i brann utanfor Bergen sentrum – for å avleie politiet.

– Kan ikkje bruke mafiaparagrafen

Måndag morgon startar straffesaka i Bergen tingrett.

Der blir påtalemakta sin bruk av den såkalla mafiaparagrafen, eit av dei mest sentrale spørsmåla, trur advokat Harald Stabell. Hanforsvarer ein av mennene som står tiltalt, men som ikkje skal ha deltatt på sjølve innbrotet i kunstmuseet.

Advokat Harald Stabell

FORSVARAR: Advokat Harald Stabell forsvarer ein av dei tiltalte. Han reagerer sterkt på at påtalemakta i tiltalen nyttar den såkalla mafiaparagrafen.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

– Under ei kvar omstende vil det bli prosedert på at den ikkje kan nyttast. Eg går ut frå at det også vil bli prosedert for dei andre tiltalte, seier Stabell til NRK.

Han reknar med at eit sentralt spørsmål i rettssaka blir nettopp om kor vidt dei tiltalte har medverka til – eller kjent til kunsttjuveriet.

«Organisert kriminell gruppe»

Ifølgje tiltalen deltok berre to av dei tiltalte i sjølve innbrotet. Påtalemakta har likevel utferdinga ein felles tiltale mot seks personar, som ei organisert kriminell gruppe, og tek i bruk den såkalla mafiaparagrafen i Straffelovas §60a. Dermed risikerer alle seks ein dom med strafferamme på inntil 11 års fengsel.

Statsadvokaten i Hordaland meiner innbrotet vart gjort etter omfattande planlegging, og utført i ein godt koordinert operasjon der bilar vart sett i brann for å avleie politiet.

«Som deltakere i en samhandlende gruppe som forstod vinningskriminalitet, og etter forutgående felles planlegging og forberedelse», heiter det mellom anna i tiltalen.

Stabell sin klient nektar for dette.

De stjålne gjenstandene fra Kinasamlingen

BORTE: Dette er nokre av gjenstandane som vart stole frå kinasamlinga.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

– Når det gjeld tiltalen for kunsttjuveriet, så erkjenner han absolutt ikkje straffeskuld for det. Når det gjeld skadeverk på denne bilen, så vil han truleg erkjenne dette forholdet.

Bjarte Aarlie forsvarer ein av dei andre tiltalte.

– Han skal ha vore med på å tenne på ein av desse bilane, seier han til NRK.

Som Stabell er også Aarlie kritisk til bruken av mafiaparagrafen for å få alle tiltalte felt for kunsttjuveriet.

– Eg trur påtalemakta vil få store problem med å klare å bevise dette. Det å gjere ting saman blir ikkje nødvendigvis ei kriminell verksemd, seier forsvararen

To bilbrannar

Påtalemakta vektlegg i tiltalen at bilbrannane var ein måte å avleie politiet si merksemd, samstundes som to av dei tiltalte tok seg inn i kunstmuseet.

Klokka 05.15 natt til laurdag 5. januar vart ein bil sett i brann i Nyhavnsveien i Sandviken i Bergen. Berre eitt minutt seinare kom det melding at nok ein bil stod i brann, denne gongen i Løbergsveien i Solheimslien på andre sida av sentrum. To identiske bilar var sett i brann. Flammane spreidde seg også til to andre bilar.

Mens naudetatane rykte ut bilbrannane, gjekk to menn på høvesvis 30 og 31 år til aksjon mot museet som på folkemunne blir kalla Permanenten.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen

HER TOK DEI SEG INN: Vestlandske kunstindustrimuseum er ein del av Bergen kunstmuseum, Kode. Museet ligg midt i Bergen sentrum.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Brukte 90 sekund

Det heile var over i løpet av berre 90 sekund. Dører vart brotne opp, og ei glasrute knust. Deretter vart fleire glassmonterar knust.

Gode overvakingsbilete frå museet viste at minst to gjerningspersonar raskt tok seg inn i bygget. Med seg hadde dei ein kasse som dei fylte opp med gjenstandar, og så raskt bar den ut til ein ventande Mercedes varebil.

Utbytet vart 23 kinesiske kunstgjenstandar til ein samla verdi på om lag 2,5 millionar kroner.

Tre dagar etter innbrotet i Bergen, vart ein Mercedes Vito varebil funnen utbrend ved Ekeberghallen i Oslo. Påtalemakta meiner dette er bilen som vart brukt i Bergen.

– Det er viktige, verdifulle og omsettelege gjenstandar. Gjerningsmennene visste kva dei var ute etter, sa direktør Erlend Høyersten ved Kunstmuseene i Bergen etter innbrotet.

Han måtte sjølv tole kritikk då det i etterkant vart stilt spørsmål ved tryggleiken til museet.

Har erkjent innbrotet

Stjålne gjenstander fra Kinasamlingen

BORTE: Dette er nokre av gjenstandane som vart stole frå kinasamlinga.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

I slutten av januar vart tre menn pågripne i Oslo, mistenkt for å stå bak innbrotet. Utover vinteren og våren vart ytterlegare fire personar pågripne etter tur. Den eine av desse er står ikkje tiltalt i retten måndag.

LES OGSÅ.

To av dei tiltalte, skal overfor politiet ha erkjent å ha utført innbrotet i kinasamlinga. Fire menn har i avhøyr vedgått å ha tent på bilane. Dei skal ha hevda at dei ikkje visste kva dei var ein del av og at på same tid vart gjort innbrot i kinasamlinga.

Harald Stabell ønskjer ikkje å kommentere kva hans klient har forklart om bakgrunnen for at bilar vart sett i brann.

– Sett utanfrå kan det sjå ut som ein her freista å avleie politiet si merksemd, vedgår han.

Kunsten framleis borte

Kunsten som vart stolen er framleis sporlaust borte.

ArtLoss Register i London er kopla inn i jakta på den stolne kinakunsten. I 2012 fann dei att eit verk av den franske biletmålaren Henri Matisse, stole frå eit svensk galleri. Biletet kom til rette etter 25 år.

Stabell som er ein av til saman åtte forsvarar som møter i retten, reknar med spørsmålet om eventuelle bakmenn og kvar kunsten har teke vegen, også vil bli via mykje merksemd i retten.

– Politiet og påtalemakta vil nok freiste å få fram opplysningar som kan føre til at kunsttjuveriet blir oppklart kva gjeld gjenstandane. Om det skjer, står att å sjå under hovudforhandlinga.

På vent

Imens har politiet lagt sjølve kunstjakta litt til side. I juni gjekk dei ut og bad publikum om nye tips i saka. Dei var då usikre på om dei uvurderlege kunstgjenstandane framleis var i Norge, men håpa nye vitne skull hjelpe dei i jakta på kunstskattane.

Politiadvokat Magne Kvamme Sylta

AKTOR: Politiadvokat Magne Kvamme Sylta vil føre eit 20-tals vitne for retten.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det pågår ikkje noko politietterforsking etter kvar kunsten har tatt vegen nett no, men vi ønskjer sjølvsagt å finne kunsten, seier aktor i saka, politiadvokat Magne Kvamme Sylta.

Han ønskjer ikkje å kommentere bruken av mafiaparagrafen eller kva politiet vil vektleggje i si bevisførsel, før rettssaka har starta.

– Vi kjem til føre om lag 20 vitne for retten, 16 av dei er knytt til innbrotet i Permanenten opplyser Sylta til NRK.

Varslar million-krav

I tiltalen frå Hordaland statsadvokatembeter blir det også varsla krav om erstatning frå Vestlandske kunstindustrimuseum på minst 2,5 millionar kroner.

I tillegg kjem erstatningskrav på til saman 536.000 kroner frå ulike forsikringsselskap og bileigarar etter bilbrannane.

Også i 2010 vart det stole kinesisk kunst frå Kunstmuseumene i Bergen, Kode.