Hopp til innhold

I fjor rauk akillesen – i år står han over den store beinbrotskampen

Onsdag er det igjen klart for kampen der «alle vert skadde». I fjor gjekk det utover både akilles, ribbebein og tenner for Bratt Moro-gjengen og SGNskis då dei braka saman i ein fotballkamp utan like.

Tor Yttri rauk akillesen i kampen
Foto: Nesbø/ Wathne Bøyum/Talle/Uglum

– Eg held meg på sidelinja i år. Sjølv meiner eg at det er fordi eg er altfor god til å spele med denne gjengen her, men eg reknar med dei andre meiner eg feigar ut og ikkje torer, seier Tor Yttri. Førre oppgjer mellom leirane i skimiljøet i Sogndal rauk akillesen hans.

Onsdag er det igjen duka for kamp mellom Bratt Moro og SGNskis på Fosshaugane. Denne kampen står Yttri over.

I fjor sa Yttri at han trudde ikkje Bratt Moro ville klare seg utan han.

– Det trur eg ikkje no heller, men vi får no sjå om dei overpresterar dette laget mitt og likevel vinn utan meg. Det blir spennande å sjå, seier han.

Kina eller sjukestova

Ein som er klar til oppgjeret er avtroppande dagleg leiar i SGNskis Tore Frimanslund.

Tore Frimanslund i SGN-ski er sjølv ein ivirig skikøyrar.

REDD FOR SKADAR: Dagleg leiar i SGNskis Tore Frimanslund

– Vi har vore litt prega av skadar på dei to treningane vi har hatt, men ein må rekne med litt svinn. Eg trur vi framleis stiller sterkt, seier Frimanslund.

I fjor vant Bratt Moro 3-2, så i år vert det revansje.

– Det blir det absolutt. Vi stiller i alle fall med eit samla ungt lag, og så får vi setje spørsmålsteikn til kva triks den andre gjengen kjem med.

Han hintar til at gjengen i Bratt Moro i fjor hadde med seg både Håvard Flo, Eirik Bakke og Terje Skjeldestad på sitt lag. Mest spent er han på årets keeper.

Frimanslund legger ikkje skjul på at han er redd for skadar.

– Eg er definitivt redd for det. På torsdag skal eg og ein til frå SGN til Kina, så vi må jo vere litt forsiktige, men det er fort at konkurranseinstinktet tar totalt over.

– Så eg er svært spent på om det blir Kina, Lærdal eller Førde på torsdag, ler Frimanslund.

Gladiatorprega kamp

Frimanslund trur det er viktig plassere seg godt på bana.

– Dei andre stiller med mykje kilo og lite motorikk. Det blir nok eit gladiatorpreg over det heile.

Også Yttri trur det kan bli god underhaldning når dei to laga brakar saman til kamp på Fosshaugane.

– Eg trur det er to lag som er klare til å vinne begge laga. Så har eg høyrt rykte om både musikk og mykje ståhei både før, under og sikkert etter kampen, kjenner eg spelarane rett. Om eg kan kalle dei spelarar då, ler Yttri.

– For dei som likar god fotball så veit eg ikkje om det er noko å anbefale, men det blir heilt sikkert underhaldning.

Yttri fortel at sjølv om dei vil skape underhaldning går laga fullt inn for å vinne.

– Eg trur det viktigaste er å vinne og ikkje delta. Eg er overbevist om at dei kjem til å gå rett på. Når dei først har bestemt seg så tek det ei stund før dei stoppar opp og går til sides.

Overbevist om nye skadar


– Er det fare for nye skadar i år?

– Det vil eg påstå at det absolutt er. Eg er overbevist om at det vert nye skadar, men vi får håpe at det ikkje blir langvarige og alvorlege skadar.

Bratt Moro-leiaren seier dette er litt typisk mannfolk.

– Men alderen gjer ting med oss. Vi har ein tendens til å tru at vi er sprekare enn vi kanskje er. Hovudet trur noko, men kroppen elles vil ikkje vere med, forklarar han.

For dei som likar god fotball så veit eg ikkje om det er noko å anbefale.

Tor Yttri, Bratt Moro

Risikerer mykje

– Alle av dei 22 som går utpå bana trur dei er mykje betre enn det dei er. Og det er jo litt artig å sjå på, seier Yttri.

I fjor var det Bratt Moro som vant 3–2 mot SGNskis.

– Vi leia 3–0 då eg blei skada, så heldigvis vart eg ikkje skada før i 2. omgang. Eg er usikker på om vi er favorittar i år når eg skal sitje på sidelinja, seier Yttri spøkefullt.

I år vert oppdraga hans å lage spelarbørs, noko han ser fram til.

– Eg håpar at Bratt Moro vinn, men eg trur vel gjerne at det blir SGNskis som vinn.

Etter fjorårets kamp enda Yttri på krykker etter at akillesen rauk.

– Då vart det operasjon, krykker, skinner og gips, så det var ikkje noko kjekk sommar det der nei. Eg kan nok ikkje risikere så mykje for så lite, seier han og ler.

(Artikkelen held fram under bileta)

Sjå bilete frå kampen i fjor:

Går hardt føre seg

No er han spent på kor mange som kjem til å møte opp på prestisjekampen mellom Bratt Moro og SGNskis.

Og kampen brakar bokstavlegtalt laus klokka 20.00 på Fosshaugane.

– I fjor var det ein som knakk fleire ribbebein. Dagen etter då han såg seg i spegelen såg han at han hadde mista ei tann og, så det går føre seg.

– Alle som har førstehjelpskurs i Sogndal bør i alle fall møte opp på kamp i morgon, oppmodar Yttri.