Står framleis utan svar etter dødsulykka i Florø
Politiet jobbar framleis med å finne ut årsaka til dødsulykka i Florø fredag kveld. Tre ungdommar omkom i den tragiske hendinga etter at dei kolliderte med ein annan bil. Dei to som sat i det andre køyretøyet blei lettare skadde.
– Vi jobbar framleis med å danne oss eit bilete av hendinga, seier tenestestadleiar Wenke Hope.
Politiet er ferdige med dei kriminaltekniske undersøkingane av køyretøya.
– Vi har samla inn spor, men det er enno for tidleg å konkludere. Det kan ta noko tid, seier Hope.
Ifølgje Bergensavisen har politiet sikra seg overvakingsvideo frå kvelden, men Hope vil ikkje kommentere om videon viser sjølve ulukka.
Årsaka til at køyretøyet til ungdommane tok til å brenne, er framleis uvisst.
Politiet held fram med taktisk arbeid og avhøyre vitne. Så langt har dei teke eit titals avhøyr og har 5–10 att. – Vi har også fått nokre tips vi skal gå igjennom, seier tenestestadleiaren.
Dei tre personane skal obduserast i løpet av veka før det blir gjort eit identifiseringsarbeid for å få sikker identitet på dei tre ungdommane, seier Hope.