I tillegg til pengerot, har trossamfunnet heller ikkje oppgitt kor mange medlemmer dei har.
Tidlegare rot
I snart to år har det vore ro rundt dei muslimske trussamfunna i Bergen, etter at det i 1991 vart avdekka grove feil på medlemslistene til dei to største muslimske foreiningane i byen. Den gongen gjaldt det Den Islamske forening på Nøstet og det Islamske Kultursenter på Vestre Strømkaien. Rotet førte til at den økonomiske stønaden vart stansa.
Store summar
Denne gongen er det Tawhid senter for Islamsk informasjon med over 200 medlemmer som må stå til rekning for kva dei har brukt statsstønaden dei har fått til.
Kvart åt betalar Bergen kommune og Staten, ved Fylkesmannen, ut store summar i stønad til dei ulike trussamfunna. I 1991 ga kommunen 339 kroner per medlem busett i Bergen, og Fylkesmannen ga 231 kroner. Det blir då snakk om fleire millionar kroner til saman.
Grovt mistak og forsømming
I to tilsynsmøter med Fylkesmannen har Thawid senter blitt bedt om å legge fram medlemsprotokoll, oversikt over kva slags aktivitetar senteret har hatt dei to site åra, og rekneskap for kva pengane dei har fått har blitt brukt til. Ikkje noko av dette har senteret framskaffa.
Difor har Fylkesmannen gått til det særs strenge vedtaket å stryke samfunnet frå lista over trussamfunn, og grunngjev det med at det her er gjort eit særleg grovt mistak eller forsømming.
- Fylkesmannen har anledning til å stryke trossamfunnet når dei har gjort særleg grove mistak eller forsømminger, seier loven.
Det fortel førstekonsulent Anne Kjersti Sande hos Fylkesmannen. - Så det seier seg sjølv at det skal ein del til, og det er sjeldent det tas slike vedtak.
Skulle legge ned uansett
Forstandaren for Tawhid senter ville ikkje la seg intervjue av NRK Hordaland, men seier i ein kommentar at han ikkje kan sjå at senteret har gjort noko gale, og at dei uansett hadde tenkt å legge ned verksemda for å slå seg saman med Den Islamsk forening i Bergen.