Hopp til innhold

Mindreårige stakk av med hjullastar

Politiet måtte like over klokka 05 stansa to mindreårige på ein mindre hjullastar i Hardangervegen i Arna i Bergen. Politiet hadde blitt tipsa av ein bilist som køyrde bak og reagerte. Ifølge operasjonsleiar Terje Magnussen hadde dei to, ein gut (14) og ei jente (15), køyrd i nesten ei mil frå Arna stasjon til Haukeland før dei blei stansa av ein patrulje. Ein av dei to held til på ein institusjon. Politiet omtalte først køyretøyet som ein traktor.

Mindreårige stjal traktor og kjørte i Arna
Foto: Politiet