Hopp til innhold

Stansa fest med 50 deltakarar – har gått føre seg i 24 timar

Etter eit døgn med full fest og høg musikk, troppa politiet opp søndag kveld. Der trefte dei på 50 personar som festa.

Bergen sentrum om natten

BERGEN: Det var full fest til langt på natt i leilegheita i sentrum.

Foto: NRK

– Det var naboar som ringde oss, og dei var naturleg nok uroa, seier Tatiana Knappen i Vest politidistrikt.

Etter å ha høyrt høglydt festing i eit døger, hadde naboane i Kong Oscarsgate i Bergen sentrum fått nok. Då politiet troppa opp viste det seg å vere vel 50 personar i leilegheita.

Men politiet vil ikkje melde dei festande.

– Her vil personane få pålegg om å forlate staden, samt råd og rettleiing. Det er ikkje eigne koronaforskrifter som gjeld for Bergen, vi føl dei nasjonale reglane som seier maks ti personar, seier Knappen.

I fylgje regjeringa sine rettleiarar er det brot på forskrift om smitteverntiltak om ein samlast fleire enn ti personar i private samkomer innandørs utanom eigen heim. Når det gjeld samkomer i private heimar er det gitt nasjonale anbefalingar om maks fem gjestar

Har stansa ulovlege arrangement i Oslo

I kveld har også politiet i Oslo stansa arrangement. Dette var ulovlege arrangement. I ettermiddag kom nyhenda om at Oslo stenger ned på nytt.

Til saman 82 personar var samla på Grønland, i det eine lokalet vart det sett på fotball, medan det vart spelt kort i det andre. Lokala vart tømt for personar, og dei ansvarlege blir politimeldt, skriv Oslo-politiet på Twitter.

Tidlegare søndag ettermiddag stoppa politiet eit anna arrangement på Grønland med 15 personar. Alle deltakarane blir meldt til politiet, opplyser politiet.

Festlyden tok det med eit smil

I Bergen er det ikkje like strengt om dagen, etter at smittesituasjonen er kome meir under kontroll.

Knappen seier gjengen politiet møtte var svært feststemte, men at dei tok det med eit smil og forlét staden då dei fekk beskjed om avslutte festen.

– Vi følgjer dei forskriftene som er, og når det ikkje er grunnlag for å melde nokon så gjer vi ikkje det, seier politiet.