Hopp til innhold

Stanken kjem frå syden

Stanken som har plaga vestlendingane torsdag, er varme, stinkande luftstraumar frå sydlegare strok.

Vond lukt på Vestlandet
Foto: Øystein Windstad / NRK

Eimen minner om kloakk, råtelukt eller propangass.

Frå sør i Hordaland til Ålesund har det kome inn meldingar om den vonde lukta. Den vert av fleire skildra som kvalmande.

- Grufullt

– Det er ei grufullt kvalmande lukt, seier Wenche Nakken frå Skodje i Møre og Romsdal til vg.no.

I Sogn og Fjordane har fortel lesarar om vond lukt både i Lavikdalen, Førde og på Nordfjordeid. I Eid avviser kommunen at avløpsanlegget har sprunge lekk.

Her er forklaringa

Bergensarane er kanskje dei som har merka mest til stanken. Den har lege som eit lok over sentrum i byen. Også her nekta kommunen å ta ansvar for lukta. Ikkje så rart sidan forklaringa ikkje finst i Norge.

– Luftmassen er den same over stor deler av Vestlandet, så det er ingen lokal kjelde som er årsaka til ureininga i lufta, seier meteorolog Magnus Anglevik til NRK.

Lufta står stille

Han meiner varmlufta frå sydlegare strok som kom inn over Vestlandet i går kveld har hatt med seg lukta. Og på grunn av at lufta har stått stille i dag, har lukta vorte verande.