Stal 75 laptopar

Natt til laurdag er det stole 75 bærbare datamaskinar ved Svelgen skule i Bremanger.

Svelgen skule

Svelgen skule

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det vart først meldt at det var 85 maskinar vekke.

Politiet fekk melding om innbrotet like før klokka 14, og politi er no sendt til skulen for å etterforske saka.

- Vi er svært interesserte i tips viss nokon har sett noko, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Innelåste i skap

Driftsleiar ved skulen, Kåre Myklebust, seier laptopane har ein verdi på over 600.000 kroner.

- 70 av datamaskinane stod innelåste i tre skap på eit overvaka rom. Dei andre stod på arbeidsrommet til lærarane.

- Umogeleg å omsetje i Norge

Myklebust seier at tjuven eller tjuvane har teke seg inn eit vindauge på arbeidsrommet.

- Alle datamaskinane er merka med nummer og innbrent med Svelgen skule. Eg meiner at desse laptopane er umoglege å omsetje i Norge, seier han.

Har du tips i saka, kan du ringe politiet på telefon 02800.