For ikkje lenge sidan flytta familien ut av landet rett etter eit møte med barnevernet. Mora i familien er opprinneleg utanlandsk, medan faren er frå Sogn og Fjordane. No oppheld dei seg i heimlandet hennar saman med eit sjukt barn under skulealder. Barnevernet har ei tid vurdert kva som skulle skje vidare med omsorgen for barnet, men no kan dei ingenting gjere.
Manglar heimel
- Vi må berre leggje ned arbeidet vårt med desse borna, og vi veit ingenting om kva som skjer med dei. Vi har ikkje heimel i noko lovverk for å hente dei tilbake, og det opplever vi som veldig frustrerande, seier Laila Schult. Ho er leiar for Pedagogisk psykologisk teneste i Vågsøy kommune.
Schult arbeider som fagperson ofte saman med barnevernet. Ho kjenner seg att i problemstillinga og har fleire gonger opplevd liknande episodar.
- Plutselig er familier vekk. Dette er ikkje eit ukjent fenomen korkje i Vågsøy eller i resten av landet.
Ønskjer lovendring
Schult vil at lova blir endra. Hennar forslag er at foreldre som er under vurdering av barnevernet må levere frå seg reisedokument. Ho etterlyser òg internasjonale avtaler som kan hindre slike forsvinningar.
- Stakk ikkje av
Faren i familien som flytta seier på telefon til NRK at dei ikkje har stukke av frå barnevernet, men han vil ikkje seie noko om kor lenge dei har tenkt å bli utanlands. Ifølgje han var det er tilfeldig at familien reiste rett etter eit møte med barnevernet.