Hopp til innhold

Stakk av med ringar til 90.000,-

Politiet melder om eit innbrot i ein gullsmed på Lagunen storsenter i Rådalen i Bergen. To ringar er tekne frå ein monter i ein butikk. Verdien er oppgitt til opp mot 90.000 kroner. Politiet går over videoovervaking og melder at det er spor i saka.