Hopp til innhold

Stadig fleire vil bokse i Bergen: – Kampen på Koengen inspirerer spesielt kvinner

BERGEN (NRK): Bokseklubben Bergen Sparta opplever ei stadig auke i talet på medlemmer. Hovudtrenaren meiner Cecilia Brækhus sin kamp i Bergen på fredag er viktig for boksesporten i byen.

BÅrd Jordal

NØGD: Hovudtrenar i bokseklubben Bergen Sparta, Bård Jordal, meiner Cecilia Brækhus er mykje av årsaka til at stadig fleire bergensarar vil prøve seg på boksing. Han er glad for at spesielt mange kvinner har meldt seg inn i klubben det siste året.

Foto: Hadi Mohammadi

Fredag går «Battle of Bergen» av stabelen på Bergenhus festning. Der møter Cecilia Brækhus den argentinske motstandaren Erica Farias.

Sjølv har Brækhus sagt at dette skal bli «ein boksekamp for historiebøkene». Men det er ikkje berre for boksedronninga at kampen er viktig.

– Dette gir motivasjon til mange i boksemiljøet i Bergen. Kvar veke tek nye folk som vil melde seg inn i klubben kontakt med oss, seier Bård Jordal som er hovudtrenar i Bergen Sparta.

Klubben heldt til i ein fjellhall på Skansen, og hovudtrenaren fortel at det òg er fleire enn før som er interessert i å vere tilskodarar til boksekampane.

– Det har vore mykje snakk om denne kampen og om proffboksing generelt, og slik har sporten blitt marknadsført i større grad. På kvar trening er det no mellom 30 og 40 personar som er med.

Klar for kamp

To dagar før kampen var Brækhus onsdag i bokseringen hjå Bergen Sparta, og viste fram forma for publikum.

– Eg er akkurat der eg skal vere no, og det er veldig herleg, seier Brækhus til NRK.

Cecilia Brækhus

KLAR FOR KAMP: Cecilia Brækhus var onsdag i treningslokala til Bergen Sparta for ei treningsøkt med tilskodarar. Mange var til stades for å sjå meisteren trene til kampen på Koengen fredag.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Ho legg likevel ikkje skjul på at ho fryktar motstandaren.

– Farias er like brei som ho er høg, men dette er ikkje ein bodybuilder-konkurranse. Det blir ein interessant kamp, seier 35-åringen.

Erica Farias har tidlegare sagt at kampen er den viktigaste i hennar liv.

Til no er det seld rundt 8000 billettar til kampen på Koengen. Etter planen går dei to motstandarane i ringen rundt klokka 23 fredag kveld.

– Fleire kvinner

– Mange har sett fram til denne boksekampen, spesielt sidan Cecilia er lokal. Ho har vore ein fin ambassadør for boksesporten og Bergen, men òg for kvinner. Bokseklubben har stor respekt for henne, ikkje berre som boksar, seier Jordal.

I dag har Bergen Sparta om lag 200 medlem. Jordal fortel at tilkomsten dei siste to åra har vore jamn og god.

Erica Farias

MØTER BRÆKHUS: Argentinske Erica Farias (32) står fredag på motsett side i ringen.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Vi har òg sett ei auke i kvinnelege utøvarar det siste året. Eg trur Cecilia er mykje av grunnen til det. Vi ser òg at haldningane til kvinneboksing har endra seg: Det er mindre fordommar no enn tidlegare.

Hovudtrenaren gler seg over trenden, og at det er fleire som vil bokse.

– Boksing er ein allsidig sport, og ein får trent både koordinasjon, balanse, kondisjon, styrke og fart. Det er komplisert, men kanskje er det nettopp difor det er så spanande.